– Fleire av dei fornærma meiner straffa er latterleg låg

Hege Salomon er bistandsadvokat for fem av dei fornærma i Birkedal-saka. – Fleire har reagert sterkt, seier ho til NRK.no.

Andersen, Salomon og Monsen

Bistandsadvokat Hege Salomon (i midten) før Birkedal-saka byrja i Stavanger tingrett tysdag førre veke. Til høgre er aktor Karsten Monsen, medan mannen til venstre er ein av dei fornærma i saka, Martin Bratland Andersen.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

I går blei Birkedal frifunnen for seksuelt overgrep og seksuell handling mot barn. Dermed enda han opp med ei straff på 60 dagar fengsel for snikfilming og for å lokka unge gutar til å kle seg nakne på internett.

Delar av straffa er på vilkår, og sidan Birkedal allereie har vore i varetekt, må han i realiteten ikkje sona i fengsel.

– Latterleg låg straff

Dette har gjort at fleire av klientane til bistandsadvokat Hege Salomon har reagert sterkt, og kalla straffa for latterleg låg.

– Ein av mine klientar har ein kamerat som fekk 65 dagar fengsel utan vilkår for relativt små brot på vegtrafikklova. Sett opp mot dette meiner dei at det er veldig spesielt at Birkedal ikkje må sona, seier Salomon.

Sjølv er ho skuffa over dommen:

– I utgangspunktet var eg førebudd på begge utfall, så det var ikkje overraskande. Men me er sjølvsagt skuffa, seier ho.

Klar til å forklara seg i lagmannsretten

Den eine klienten hennar melde Birkedal for eit seksuelt overgrep som skulle ha funne stad i 2008. I dommen kom tvila tiltalte til gode på dette punktet, og Birkedal blei ikkje dømd.

– Korleis ser denne klienten på ei eventuell anke?

Han er førebudd på å forklara seg i lagmannsretten, og er fullt innstilt på ei ny behandling av saka. Han meiner det er viktig å belysa saka så godt som mogleg, seier Salomon om klienten sin som nå er 18 år gamal.

Sjølv seier Salomon at ho har lit til statsadvokaten si vurdering om kor vidt det blir ei ankesak eller ikkje.

Statsadvokaten har opplyst om at dei vil ta tenketid i vinterferien med omsyn til ankespørsmålet.

Trond Birkedal etter domsavsigelsen

Trond Birkedal godtok i går dommen på i Stavanger tingrett.

Foto: Mathias Oppedal / NRK