NRK Meny
Normal

Skubba i sjøen av ukjente menn

Ei kvinne blei dytta i sjøen i Stavanger av to ukjente menn i natt. Politiet etterforskar hendinga.

Vågen i Stavanger

Kvinna blei kasta i sjøen i Stavanger i halv tre-tida, natt til søndag. (Arkivfoto)

Foto: Nils Bernhard Osnes

Hendinga skjedde i 02.30-tida, natt til søndag. To menn som kvinna ikkje kjente, skubba ho ut over kaikanten og ned i det iskalde vatnet.

Ho kom seg opp på land igjen med eiga hjelp og var uskadd, men kald. For sikkerheits skuld blei ho frakta til legevakta.

Politiet ser alvorleg på hendinga og prøver å finne ut kven som sto bak.

Mange bortviste

Natt til søndag var elles prega av mykje fyll og rus og at politiet viste vekk fleire personar frå sentrum. I Stavanger var det sju menn som laga så mykje trøbbel at dei blei sendt vekk.

I Sandnes skjedde det same med ein person.

Tre menn fekk beskjed om at dei ikkje var ønskja i Haugesund sentrum og ein mann i 20-åra fekk same meldinga på ein utestad i Åkra på Karmøy.

Dei som er glad i 90-talet

Nittitals-festen i Sørmarka arena natt til søndag, gjekk heller ikkje heilt uproblematisk for seg. For to menn på 20 og 30 år, enda det med at dei blei meldt til politiet for skadeverk og for ikkje å ha følgd ordre frå politiet.

Lyseffekter i nittitalls-showet i Sørmarka arena

Lyseffektene i nittitalls-showet i Sørmarka arena var det ingen ting å seie på. Men likevel var det eit par av gjestene, som blei i overkant kranglete.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK