Hopp til innhold

Skrukketrollet kan bety fuktproblem

Skrukketrollet er heilt harmlaust, men om du finn mange av det, bør du vurdera å lufta ut, tørka opp og skru opp varmen i rommet.

Skrukketroll

PUSTAR MED GJELLER: Skrukketrollet pustar med gjeller, sjølv om den lev på land. Då treng den fuktige omgjevnader for å overleva.

Foto: Linda Bjørgan

Kjært barn har mange namn, og sjølv om skrukketrollet kanskje ikkje er så kjært, så har det mange namn: kaffebiller, skroppetroll, kaffedyr, munkelus og tussalus og flasketroll er alle namn som blir brukt om krepsedyret, som på latin har namnet Oniscidea.

Så, kva er den vesle krabaten? Spørsmålet går til Ørjan Simonsen, insektekspert hos Fylkesmannen i Rogaland.

Må ha fukt

Først av alt: den er ikkje eit insekt. Skrukketrollet har nemleg sju par bein, ikkje tre, slik insekt har. Det er ein til to centimenter langt, blågrå eller brungrå i fargen, og trivst der det er fuktig. Dei et rotnande plantedelar og sopp, og er ein viktig nedbrytar av organisk materiale. Og så pustar den med gjeller.

– Fisk har jo gjeller, men skrukketrollet pustar over vatn, så dei er nøydde til å ha fuktige omgjevnader. Dei har gjellene under kroppen i bakre halvdel, og der er det fuktig og godt, seier Simonsen.

Ørjan Simonsen, insektekspert hos Fylkesmannen i Rogaland

SMÅKRYP-EKSPERT: Ørjan Simonsen er insektekspert hos Fylkesmannen i Rogaland.

Foto: Kees Fjellvang / NRK

Ikkje farlege

Om du finn det i huset ditt, er sjansen stor for at det er i kjellaren, på vaskerommet eller på badet. Men fortvil ikkje: dei er ikkje farlege for menneske og dei ber ikkje smitte.

– Kva fortel det om huset om du har skrukketroll?

– Litt fuktigheit er det i huset når du har skrukketroll, og det er difor det ofte finnst i kjellarar. Gamle vaskekjellarar er ynda for skrukketroll. Har ein ei nyare kjellarstova, er det kanskje ikkje så kjekt å finna skrukketrollet der, fortel han.

Tord ser på skrukketroll

FOR MANGE AV DESSE? Då bør du sjekka om rommet er litt for fuktig.

Foto: NRK

– Eit under

Det finst 3800 artar på verdsbasis, der 22 av dei finst i norsk natur. I tillegg er det fire artar i Norge som berre lev i veksthus.

– Berre det at skrukketrollet har overlevd så lenge, er eit under i seg sjølv. Dei har vore så vellukka, at dei har overlevd mange andre organismar. Og om du spør eit barn, så er jo skrukketroll noko av det kjekkaste som finst av småkryp, seier Simonsen.

Men sjølv om ungane synest dei er artige, dei ikkje er farlege eller gjer skadeverk, så er skrukketrollet uansett ikkje noko ein har lyst å ha springande rundt i krinkar og krokar i heimen. Då har Simonsen eit enkelt tips for å bli kvitt dei:

– Du må tørka opp dei områda du finn dei i, det kan vera knytta til eit fuktproblem.