Hopp til innhold

Skøytestjernene frå USA har blitt hekta på norsk brød

Det amerikanske skøytelandslaget, som for tida trenar i Stavanger, har kasta sin elsk på brødet dei blir servert. I dag fekk dei sjølv bli med på bakinga.

Det amerikanske skøytelandslaget har lagt sin elsk på norsk brød. I dag ble de invitert inn på kjøkkenet i Cafe Sørmarka for selv å bake superbrødet.

Det amerikanske skøytelandslaget har lagt sin elsk på norsk brød. I dag ble de invitert inn på kjøkkenet i Cafe Sørmarka for selv å bake superbrødet.

Skøytebrødet

Dette er skøytebrødet amerikanarane liker så godt.

Foto: Marte Hoel Romskaug / NRK

Etter verdscuprennet i Stavanger i helga har det amerikanske skøytelandslaget blitt verande i Sørmarka Arena for eit treningsopphald.

Det skulle vera fullt fokus på skøyter, før neste runde i Minsk i Kviterussland, men i staden har gjærbakst fått mykje av merksemda til dei amerikanske stjernene.

Byrja som ein spøk

Dei har nemleg blitt så overvelda over brødet dei dagleg har fått servert til suppa si i kafeen i skøytehallen, at dei nå har hamna på bakekurs.

– Det byrja vel eigentleg som ein spøk. Dei kom inn på kjøkkenet og spurde etter oppskrifta, så spøkte me med at dei heller kunne bli med på bakinga neste morgon. Dei tok oss på ordet, forklarar Frode Grøttjord, som er kokk på Sørmarka cafe og catering.

Skøyteløparane sjølv var stornøgde både med bakeøkta og med resultatet.

– Det er eit veldig godt brød, og eg er svært nøgd med resultatet. Me er profesjonelle bakarar, slår Sugar Todd fast.,

Netherlands Speed Skating World Cup - Sugar Todd

Sugar Todd når ho ikkje et norsk brød.

Foto: Peter Dejong / Ap