Hopp til innhold

Skot avfyrt på Ålgård – to personar tekne

Politiet har teke to personar i samanheng med ein skyteepisode på Ålgård fredag føremiddag. Det er framleis ikkje funne våpen.

Politiet har teke to personar i samanheng med ein skyteepisode på Ålgård fredag føremiddag. Det er framleis ikkje funne våpen.

Politiet søkte etter ein mann og ei kvinne etter skyteepisoden. Klokka 09.15 blei dei tekne i ein bustad.

Klokka 08.40 fekk politiet tips frå eit vitne som hadde sett to personar krangla i Friggs gate på Ålgård, deretter høyrde personen eit pistolskot.

Ingen skadde

– Ingen personar har kome til skade, seier operasjonsleiar i Rogaland politidistrikt, Brit Randulff.

Politiet rykka ut og starta søket etter ein mann (23) og ei kvinne (23). Klokka 09.15 fekk dei fatt i dei.

– Politipatruljar søkte gjennom eit par adresser før dei trefte på dei to. Dei er kjenningar av politiet og var rusa, seier Randulff.

To inn til avhøyr

Politiet har funne to knivar og litt hasj på dei to. Førebels er det ikkje funne våpen.

Politiet mistenker at dei to er tilknytte hendinga.

– Me tar dei nå inn i arresten, og det vil bli gjort avhøyr med dei seinare i dag, seier innsatsleiar i politiet, Sigmund Skandsen Østrått.

Ålgård