Hopp til innhold

Overtala klassen til å gi 10.000 kroner til Aleppo

10.-klassingar droppar pizzafest og gir i staden pengane til Syria.

10.-klassingar droppar pizzafest og gir i staden pengane til Syria.

Solveig Skrudland (til venstre) og Lotte Hinnaland overtalte klassen sin til å gi 10.000 kroner i nødhjelp til befolkninga i Aleppo i Syria. Jentene er rørt over klassens engasjement.

I dag stilte Solveig Skrudland og Lotte Hinnaland ekstra tidleg på skulen. Dei to jentene, som går i 10. klasse på Lye ungdomsskule på Bryne, hadde nemleg bestemt seg for å overtala heile klassen til å gi 10.000 kroner til Røde Kors sitt arbeid i krigsherja Aleppo i Syria.

– Ein fortvila situasjon

Pengane er tente inn med dugnadsjobbing over to år, og er til overs etter ein klassetur med Hvite Busser dei var på tidlegare i år. Vanlegvis ville ein brukt slike pengar til å handle inn pizza, bollar og brus til elevane, men Skrudland og Hinnaland vil det annleis.

For krisa i Aleppo har gjort eit sterkt inntrykk på dei to.

– Vi synest det er veldig fælt å sjå at så små ungar blir ramma. Det er nesten ikkje sjukehus der. Situasjonen er så fortvilt, seier Skrudland.

– Vi håper klassen vår vil stemme ja til å gi vekk pengane, men vi er litt i tvil om vi når igjennom til dei.

Heile klassen sa ja

Men dei to 10.-klassingane hadde ingen grunn til å uroa seg. Heile klassen støtta initiativet deira. 10.000 kroner skal gå til hjelpearbeidet til Røde Kors.

– At dei vil dele pengar på den måten er kjempebra, seier dei to.

Nå er håpet at pengane kan gjera ein liten forskjell for nokon i Syria. Hos Røde Kors set dei stor pris på initiativet.

– Pengane er viktige i seg sjølv og gjer det mogleg for oss å gjennomføre vårt arbeid. Men for meg er symbolverdien minst like viktig. Det skal eg sørge for å bringe vidare til hjelpearbeidarar, ambulansesjåførar og frivillige som har gjennomført oppdraga øst i Aleppo og andre plassar i Syria, seier Ola Ulmo, Røde Kors-representant i Syria.