Det vert meld om brannar over heile Sør-Noreg denne helga.
Sundag klokka 13.16 melder politiet om at ein grasbrann er ute av kontroll på Fenstad nordaust for Oslo. Det er fare for spreiing til bustadhus.
I Grønsberg i Vik måtte bønder hjelpe til i sløkkinga med gyllevogn. I Åros i Asker har brannvesenet kontroll på ein skogbrann. Mannskap er framleis på Tryvann i Oslo der åtte mål vart svidd av på fredag.
Natt til laurdag vart det oppdaga heile fem grasbrannar ved Grindvoll i Moss.
I heile Sør-Noreg er der lokal fare for gras- og skogbrannar, og det ser ikkje ut til å betre seg på ei stund.
– Ein treng ordentleg nedbør
– Det har vore tørt ei stund. Spesielt no på våren, før det har blitt skikkeleg grønt, tørkar det ganske fort ut i gamal, daud vegetasjon, seier vakthavande meteorolog Julie Solsvik Vågane.
Meteorologisk institutt har meldt om lokal brannfare i alle område som er snøfrie sør for Helgeland. Dei melder at store område kan bli skadd om der tek til å brenne.
Men trass i at skyer og regndropar står på vêrmeldinga for nokre stadar i dagane som kjem, er ikkje det naudsyntvis nok.
– Det kan vere nokre spreidde byger på tysdag, men det er litt ordentleg nedbør som må til, seier Vågane.
– Per no er det eigentleg tørt den komande veka og, seier meteorologen.
Ekstra beredskap
Trass i forbod mot bål og open eld har brannvesenet hatt det travelt den siste tida.
Der er meldt om mange mindre gras- og lyngbrannar over heile Sør-Noreg dei siste dagane. På Sørlandet sløkka brannvesenet over 20 slike brannar førre veke.
Fleire stadar skal eingangsgrillar vere grunnen til brannane.
Brannvesenet i Vestfold oppmoda sundag folk til å sløkke eingongsgrillar med mykje vatn, gjerne ei ti-liters bøtte.
I Sauda har DSB sett inn eit ekstra skogbrannhelikopter som del av beredskapen i sør i landet.
Eit slikt helikopter, her frå Bergen i 2019, er no stasjonert i Sauda som ekstra beredskap.
Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRKNord-Noreg redda av snø
Men nord for Helgeland er der ikkje sendt ut noko farevarsel for brann.
– Der er det ei anna historie, seier meteorologen.
Farevarselet i sør gjeld for snøfrie område. I nord ligg snøen lenger ned i låglandet, so faren for brann er betydeleg mindre.
– Der har det også vore fleire periodar med nedbør, seier Vågane.
I Borstulia nord for Bodø er der framleis snø på litt over 200 høgdemeter. Det gjer at ein ikkje treng vere like uroa for skogbrannar.
Foto: NRK-tipserDet er venta at temperaturane i Sør-Noreg skal gå noko ned neste veke, trass i at det framleis er tørt. Møre og Romsdal og Trøndelag kan også få snø ned i låglandet, melder meteorologen.
– Men det er som sagt ikkje nok med nokre byger, det må ein del nedbør til, seier Vågane.