Brannen fører til røyk over store område. Foto: Ragnar Christensen, NRK.
Brannen starta i skog og kratt i Oltedal i Gjesdal. Brannvesenet veit ikkje kor omfattande brannen er. Men den utviklar seg raskt på grunn av sterk vind. Brannvesenet kjem ikkje fram til brannen med bilar. Men det er eit helikopter på veg frå Austlandet.
Prøver å bløyte terrenget
Brannfolka har problem med komme seg inn fra kraftstasjonen i vassbotn der brannen starta, men omlag 20 brannfolk skal vere i området no.
Frivillige møtte fram ved Oltedalsvatnet for å hjelpe til. Foto: Ragnar Christensen, Nrk.
Ved Oltedalsvatnet er det kome inn ein brannbil med to brannfolk. Planen er å stoppe brannen før den kjem ned til bebyggelse. Eitt hus er utsett, men ingen er evakuert. Planen er at brannvesenet saman med frivillige skal prøve å bløyte terrenget.
Frivillige spyler terrenget for å stanse brannen. Foto: Ragnar Christensen, NRK.
Ikkje under kontroll
- Brannen er ikkje under kontroll, seier Torger Edland i brannvesenet på Ålgård.
Planteskog tapt
Kva skader brannen gjer er uvisst, men ein grunneigar fryktar for at planta skog går tapt. Han har fleire hundre mål med planteskog i området der brannen rasar.
Grunneigar Erik Håland ber brannvesenet ta med motorsag for å greie å kome fram. Foto: Ragnar Christensen, NRK.