Hopp til innhold

Skogbrann har blussa opp igjen i Sirdal – fleire meter høge flammar

Skogbrannen ved Lunde i Sirdal har blussa opp igjen. Det brenn kraftig og er fare for spreiing, melder brannvesenet.

Tre skogbrannhelikopter er sett inn.

Sjå video. Den sterke vinden gjer at røyken strekkjer seg langt innover i distriktet. Tre helikopter er sett inn.

– Det er synlege flammar og det brenn kraftig. Det er også mykje vind i området og fare for at brannen spreier seg, opplyser vaktleiar John Helle i alarmsentralen for brannvesenet.

Brannvesenet har kalla ut helikopter i sløkkingsarbeidet, i tillegg til mannskap frå brannvesenet i Sirdal.

Skogbrannen er på toppen av eit fjell utan busetnad, men lenger ned mot Lunde er det hytter.

– Det er hytter på nedsida av fjellet. Kjem flammane nedover fjellsida, er det fare for spreiing til hytter, opplyser Helle.

Det blir rapportert om mykje vind i området. Det gjer faren stor for at brannen spreier seg raskt, ifølge brannvesenet.

Ved 20.30-tida melder NRK sin reporter på staden at det regner mykje, og at det lynar tett. Mannskap er henta ned frå fjellet på grunn av uvêret og alle helikopter er sett på bakken.

Skogbrann i Sirdal

Brannvesenet er uroa for at brannen skal trekkje i retning av eit dalføre i nærleiken med hytter.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Fleire meter høge flammar

Klokka 15.10 opplyser Helle at brannen har tatt seg kraftig opp.

– Det var fleire meter høge flammar, som er vanskeleg å gjera noko med, seier han.

I tillegg til sivilforsvaret og ein brannbil frå Rogaland brann og redning, blei det sett inn to helikopter. Klokka 17.00 seier Helle at et tredje helikopter vert sett inn.

Den sterke vinden gjer at røyken strekkjer seg langt innover i distriktet. Brannvesenet får mange telefonar om røyk, langt frå staden der det brenn – blant anna frå Forsand, Hunnedalen, Jørpeland, Finnøy og heilt opp til Karmøy i nord.

Laster Twitter-innhold

Vanskeleg å handtera

– Nå kokar det her, seier Morten Tonstad, utrykkingsleiar i Sirdal brannvesen til NRK sin reporter på staden.

Han fortel at brannen er svært vanskeleg å handtera, på grunn av den kraftige vinden i området.

– Det er stiv kuling i alle retningar. Nord, sør, aust og vest. Me greier ikkje å laga ein god plan.

Brannvesenet sin hovudprioritet er å verne om busetnaden i området.

– Det er det me konsentrerer oss mest om, seier han.

Ikkje fare for busetnad

Per nå er det ingen fare for busetnad, men brannvesenet er uroa for at brannen skal trekkje i retning av eit dalføre i nærleiken med hytter.

Dei har sett opp sperringar, for å hindre at brannen skal spreia seg til hyttene, seier Helle.

Laurdag kveld seier brannmeister i Rogaland brann og redning, Sverre Kvam, at situasjonen framleis er ute av kontroll.

Det var fredag 13. juli, altså for over to veker sidan, det tok til å brenna ved Lunde i Sirdal. For ei veke sidan melde brannvesenet at dei hadde god kontroll på brannen, men at det framleis ulma enkelte stadar i terrenget.

Laurdag blussa altså brannen opp igjen.

– Har det vore for dårleg ettersløkking?

– Det er vanskeleg å seie. Jordsmonnet er så tørt at det er heilt umogeleg å sjå når og kor det vil dukke opp igjen, seier Kvam.

Regn hjelpte til

Seint laurdag seier brannmeisteren at det ikkje lenger er synlege flammar, etter at store mengder regn slo ned mykje av brannen.

– Dette kjem som bestilt, seier han.

Regnet øser ned i området, noko som har hatt ein stor effekt. Mannskapen har gitt seg for dagen, men dei vil framleis vere i beredskap utover natta.

Lunde, Sirdal