Hopp til innhold

Skjenkekontrollen meiner vinflasker med stearin er alkoholreklame: – Det blir for dumt

Stian Robberstad bruker tomme vinflasker med stearin for å skape stemning. Det meiner Skjenkekontrollen i Stavanger er alkoholreklame. Nå skal saka takast opp på Stortinget.

Stian Robberstad

Stian Robberstad er sterkt usamd i at Skjenkekontrollen og Stavanger kommune meiner lysestakane hans er alkoholreklame.

Foto: Syed Ali Shahbaz Akhtar / NRK

– Det er overformynderi av ei anna verd. Folk kjem på vinbar for å drikke vin.

Robberstad møter NRK i den vesle og relativt nye baren Matros bar i Stavanger sentrum.

Han seier det er eitt år og fire månader sidan dei opna. Til no har dei hatt besøk av skjenkekontrollen 5–6 gonger.

Lysestaker av vinflasker

Disse lysestakane av vinflasker vart for mykje for Skjenkekontrollen.

Foto: Syed Ali Shahbaz Akhtar / NRK

Han meiner det ikkje har vore problem under eller etter kontrollane – før den siste gongen 25. februar. Då skal kontrollørane ha reagert på to ting i baren hans:

Lysestakar som består av tomme vinflasker og stearin.

Og eit vinskap som står midt i lokalet, nokre meter framfor bardisken.

– Eg fekk beskjed om at det ikkje var lov å ha vinskapet eller desse lysestakane på borda. Eg fortalde at eg ikkje har plass til vinskap bak bardisken, og eg har ikkje noko lager. Eg må kunne lagre vin forsvarleg, seier Robberstad.

Les også Baren inviterte til nissefest med 🍹-emoji – fekk prikk av skjenkekontrollen

Bar On fikk prikk for bruk av emoji i deletekst

Men argumenta til Robberstad hjelpte lite.

Nå skal det takast opp i Stortinget, skriv Aftenbladet.

Stortingsrepresentant Silje Hjemdal (Frp) har utfordra helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol med spørsmålet: «Meiner helseministeren at bruk av slike lysestakar bør straffast og vil ho eventuelt revurdere å fornye eit uforståeleg og meiningslaust strengt regelverk?»

Det er venta at svaret kjem neste veke.

– Formål om å fremje alkoholsal

Det var onsdag sist veke at Robberstad fekk vedtaket frå skjenkekontrollen. Her står det mellom anna:

«Juridisk noterer at vinflasker og lysestakar og eit vinskap som ikkje står i tilknyting til baren blir omfatta av massekommunikasjonsomgrepet i alkoholforskrifta § 14-2».

Juridisk i denne samanhengen er juridisk avdeling i Stavanger kommune. Dei legg til grunn at formålet med lysestakane og vinskapet «mest sannsynleg er å fremje sal av alkoholhaldig drikke».

Kommunen meiner vinskapet og vinflaskene med stearin gir klare assosiasjonar for alkoholhaldig drikk.

«Juridisk legg til grunn at lysestakane og plasseringa av vinskapet utgjer eit brot på alkoholreklameforbodet».

Matros bar har fått éin prikk. Ein kan ha opptil 12 i løpet av eit år før ein mistar skjenkjeløyvet.

Men Robberstad meiner éin prikk er éin for mykje i denne saka.

– Viss nokon kjøper ei vinflaske og har ho på bordet ved sida av lysestaken, er det lov. Men lysestaken er ikkje lov. Ein veit ikkje om ein skal le eller gråte.

Vinskap og Stian Robberstad

Vinskapet heilt fremst på biletet burde vore bak bardisken, meiner kommunen. Stian Robberstad er usamd.

Foto: Syed Ali Shahbaz Akhtar / NRK

Stortingsrepresentant reagerer

Robberstad får støtte frå stortingsrepresentant Mímir Kristjánsson (Raudt).

I ein Facebook-post langar han ut mot Skjenkekontrollen i Stavanger og kallar den aktivistisk:

Mímir Kristjánsson sitt innlegg på Facebook

Dette innlegget har spreidd seg på Facebook.

Foto: Skjermdump

– Eg er for ein restriktiv skjenkjepolitikk. Men akkurat når det gjeld alkoholreklame, så bryr ein seg om altfor mange fillesaker, seier Kristjánsson til NRK.

Les også Staten seier nei til «strikking og drikking»

STRIKK OG DRIKK

– Eg har forståing for at ein skal hindre skjenking av mindreårige, at folk blir overstadig rusa eller dårleg hygiene. Men her meiner dei altså at det blir for freistande med alkohol fordi eit vinskap er synleg inne i ein bar. Det er litt seint når ein er inne i baren. Då har ein teke eit val om oppsøkje ein stad med alkohol.

Kristjánsson lurer på korleis Skjenkekontrollen prioriterer.

– Dei lagar masse problem og nærast forfølgjar små bareigarar på grunn av fillesaker når det gjeld alkoholreklame. At han har vinflasker med stearin i ... Det må kunne gå an å bruke litt vit. Berre nokon meter bortanfor har ein uteservering, og det har ein fleire stader i sentrum. Men her reagerer ein altså på at noko kan vere freistande inne i ein bar.

Mimir Kristjansson

Mímir Kristjánsson frå Raudt reagerer sterkt på vedtaket mot Matros Bar.

Foto: Rødt

Kristjánsson meiner også saka er dobbeltmoralsk fordi det er andre barar der det er atskilleg større problem knytt til overstadig rus.

– Det er fullt køyr nede i Vågen. Vel ein å bruke krefter på sånne filleting, får ein brukt mindre krefter på det som trengst.

Kommunen: – Sånn er reglane

Leiar for juridisk avdeling i Stavanger kommune, Anita Wirak, vil ikkje kommentere utsegnene frå Robberstad og Kristjánsson om forfølging av små bareigarar, flisespikkeri, dobbeltmoral og overformynderi.

– Det er opplevinga deira. Eg ønskjer ikkje å kommentere noko rundt det. Vi er sette til å forvalte eit regelverk, seier ho.

– Vi kan like det eller ikkje like det, men vi må ta omsyn til regelverket.

– Men her er det vel bruk av skjønn?

– Det er to ting som gjeld når vi har eit generelt reklameforbod. Massekommunikasjon og marknadsføring. I utgangspunktet er all utstilling av alkohol forbode, seier Wirak.

– I lysestakane er det ikkje alkohol per no. Er dei forbodne fordi dei minner om noko som kan innehalde alkohol?

– Vi har tolka det på denne måten. Dette er eit enkeltvedtak som det går an å klage på. Vi har generelt eit veldig godt forhold til bransjen og kan rettleie.

– Kva skal Robberstad gjere med vinskapet? Det er ikkje plass bak bardisken og ikkje noko lagar.

– I utgangspunktet må ein bringe til opphøyr det som har ført til prikkbelastninga. Det er ikkje sånn at ein får ein prikk, og så er alt greitt. Dette er ikkje lokale reglar, men nasjonale. Viss ein meiner reglane er feil, så er det andre som må svare på det, seier Wirak.

Robberstad er på si side klar på at han no kjem til å klage på vedtaket.

– Eg kjem til å halde fram med å ha vinflasker som lysestakar på bordet, og eg kjem ikkje til å ta bort vinskapet. Eg har snakka med mange i byen som er dritlei flisespikkeri og overformynderi, seier bareigaren.

Stian Robberstad er innehaver av Matros Bar i Stavanger sentrum.

Stian Robberstad er dagleg leiar av Matros bar i Stavanger.

Foto: Syed Ali Shahbaz Akhtar / NRK