NRK Meny
Normal

Skjebnekamp for FK Haugesund

FK Haugesund er berre fem poeng unna sølvet i eliteserien. No blir kvar kamp framover avgjerande, og lagets kaptein håpar på tre poeng mot Sarpsborg 08 i dag. Følg kampen her!

William Troost-Ekong Haris Hajradinovic

FK Haugesund møter i dag Sarpsborg 08. Kaptein William Troost-Ekong håpar på seier.

Foto: Ness, Jan Kåre / NTB scanpix

– Alle kampane framover no blir som cupfinalar for oss, seier FK Haugesund sin kaptein, William Troost-Ekong.

FK Haugesund ligg no på ein fjerdeplass på tabellen i eliteserien, men kan enda opp med sølv. Det er fem kampar igjen å spela og berre fem poeng opp til andreplassen.

Troost-Ekong fekk oppleva å ta ein bronsemedalje i OL for Nigeria i sommar, og han er lysten på meir edelt metall.

– Me har jobba mot dette heile sesongen, så det skal ikkje stå på motivasjonen no. Den medaljen gjorde meg også svolten på meir, seier han.

Må reisa seg etter tap

Men det har ikkje gått FK Haugesund sin veg den siste tida. Laget har berre teke to poeng på dei siste tre kampane. Og førre veke tapte dei 1–0 mot Start.

– Det er ikkje godt nok. No må me ta fleire poeng i dei neste kampane, seier Troost-Ekong.

I dag møter FK Haugesund Sarpsborg 08 på heimebane. Sarpsborg 08 ligg på plassen nedanfor, berre eitt poeng bak Haugesund.

Revansjesugne

FK Haugesund sin trenar Andrea Loberto seier dei er innstilte på å reisa seg etter tapet mot Start.

– Det er ein veldig revansjesugen gjeng som vil vinne kampar, og me har hatt gode treningar denne veka.

Kva er målet for sesongen då?

– Ta flest mogleg poeng.

Og dermed medalje?

– Viss me tar poeng, så kan me hamna der oppe. No handlar det om å vera best mogleg førebudde før kvar kamp, og sørga for at me er rusta for dei utfordringane som kjem i kampane framover, seier Loberto.

Kampstart er klokka 15:30, og du kan følgje kampen direkte her.

Laster innhold, vennligst vent..