Skien sine største møter

Då John Skien fekk tilbod om å intervjua John Cleese avbraut han ferien. Sjå innslaga med Skien sine største møter her!

Sjå innslaget frå 2005 - då John Skien møtte eitt av sine store idol.

►Rogaland retro: Innslaget blei vist i Rogalandsnytt 1. juli 2005.

Denne fredagen er Rogaland retro dedikert John Skien, som etter 40 år i NRK nå går av som pensjonist. Me spør TV-legenda; kven er dei største personane du har møtt i karrieren di? Han tar ikkje lang tenketid.

– John Cleese og Thor Heyerdahl, seier han.

Markering for John Skien

John Skien hadde sin siste arbeidsdag i NRK Rogaland på torsdag. Sakene hans vil likevel stadig dukka opp i Rogaland retro.

Foto: Kristoffer Møllevik/NRK

Thor Heyerdahl fekk han møta i 1993 i samanheng med ei valsending i TV-Rogaland. På Solastranda snakka Heyerdahl om kor viktig miljøspørsmålet bør vera i ein valkamp.

– Det var fantastisk. Eg hugsar han berre hadde ein dress på seg, og eg spurte om han fraus, men det var ikkje tale om. Han hadde ingen primadonnanykker, fortel Skien.

  • Sjå klippet med Heyerdahl nedst i artikkelen.

Avbraut ferien

Det var i seinare tider han fekk møta komikaren, som han er ein svært stor tilhengar av. Sjølvaste John Marwood Cleese frå Monty Python og Fawlty Towers.

Cleese var i Stavanger i 2005 for å spela inn ein tryggingsvideo for oljeselskapet Statoil, der Pål Mangor Kvammen var regissør. NRK fekk tilbod om eksklusivt intervju, og John Skien var den naturlege mannen å ringa. Det einaste problemet var at Skien var på båtferie i Sunnhordland saman med Dag Indrebø.

Han var likevel ikkje i tvil.

– Dei sa at eg kunne intervjua han om eg ville. Å helledussen! Det er klart ein vil noko slik, så eg avbraut ferien og reiste ned til Stavanger. Etter litt førebuing møtte eg han på Hotel Clarion, fortel Skien.

Han seier at dette var eit møte, som for han er like stort, som eit møte med Paul McCartney vil vera for mange andre. Men sjølv om det var ei verdsstjerne han møtte, var heller ikkje Cleese ein mann med primadonnanykker ifølgje Skien.

– Han var ein kjempekjekk kar, og me spøkte mykje før me sette i gang intervjuet.

Skien sjølv ville vera sikker på at han fekk eit minne frå stunda si saman med Cleese. Han skal derfor ha sagt til fotograf Erik Waage at han fekk juling om han ikkje tok eit bilete av dei to saman. Og bilete fekk han.

Sjå innslaget frå 1993 - då John Skien intervjua Thor Heyerdahl på Solastranda.

►Rogaland retro: Innslaget blei vist i TV-Rogaland si sending 24. august 1993. (Fotograf: Helge Hundeide)