Hopp til innhold

Ville du tatt bussen om det kun kosta ei krone?

I Stavanger-regionen er det nå om dagen nærast gratis å køyre buss. Målet er å få fleire til å velja kollektivt når den nye bomringen åpnar neste veke. Ekspertar er skeptiske til om bilistar parkerer bilen.

Buss for 1 krone

TAR BUSS FOR EI KRONE: Bussen var stappfull av folk, som ville nytte det gunstige busstilbodet. Kolumbus set inn 34 nye bussar på Nord-Jæren i dei to vekene priskampanjen varer, slik at det skal vera plass til alle som vil testa busstilbodet.

Foto: Kaj Hjertenes

Enkeltbillettar på buss blei denne veka sett ned frå 35 kroner til ei krone på Nord-Jæren. Prisdumpinga skal gå føre seg i 14 dagar. Ei veke før bomtakstane blir auka og ei veke etterpå.

– Me ventar å få ganske mange nye reisande nå, seier kommunikasjonsrådgjevar Elisabeth Tostensen i busselskapet Kolumbus.

I to månader har sinte bilistar hamra laus på høge bompengetakstar på Nord-Jæren. Første oktober aukar prisen til 44 kroner i rushtida.

– Målet er å få ein passasjerauke på bussen på minst 13 prosent i dei to vekene me nå skal halda på, seier Tostensen.

Bilistane blir i bilen

– Problemet er at passasjerveksten i all hovudsak kjem til å skje blant dei som alt går eller syklar, seier Nils Fearnley, forskar på Transportøkonomisk Institutt (TØI).

Nils Fearnley, forskar ved Transportøkonomisk institutt

Bilistar er vanskelege å lokka over på buss, seier Nils Fearnley, forskar ved TØI.

Foto: Svein Erik Dahl

Dette er eit godt dokumentert utslag av tidlegare forsøk på å setja ned prisen på billettane både i Stavanger og Bergen i Noreg, og i andre land i Europa.

Det er ikkje bilistane som fyller opp bussane når prisen går ned, det er dei som går og syklar.

– I tillegg kjem dei som elles ikkje hadde reist i det heile tatt, seier Fearnley.

Hyggeleg overrasking

Ronny Husvæg er på veg til Stavanger sentrum på buss nummer to, frå Sandnes. Han passar godt inn i det som Fearnley skildrar.

– Det var ei positiv overrasking at det berre kosta ei krone i dag, men det er dessverre uaktuelt for meg å gå over frå bil til buss for å koma på arbeid, seier Husvæg.

Ronny Husvæg

Sjølv om bussen nå kostar ei krone, vil ikkje Ronny Husvæg gå over til buss frå bil for å komme seg til og frå jobb.

Foto: Kaj Hjertenes

– Kvifor det?

– Fordi eg bur eit godt stykke frå Sandnes sentrum og der er det ikkje godt nok busstilbod.

Fungerer som reklamestunt

Vedtaket om å setje ned prisen drastisk over ein to vekers periode, kom etter lang tid med mykje negativ merksemd. Spesielt har kritikken gått ut over den nye bussvegen til 11 milliardar kroner, som skal byggjast på Nord-Jæren.

– Og som eit svar på det, er faktisk ikkje gratis buss så dumt, seier Fearnley.

Ei kortvarig prisnedsetjing, for at mange personar skal få teste ut bussen, kan slå positivt ut, både for passasjertal og omdømme, meiner han.

– Men det blir ikkje særleg færre bilar på vegane og det er heller ikkje noko godt miljøtiltak, seier Fearnley.