Hopp til innhold

Skattesvikt på 81 millionar i Stavanger

Skattesvikten betyr ein betydeleg omstilling for Stavanger kommune, ifølge økonomidirektør Kristine C. Hernes.

STAVANGER ROGALAND

Nå viser skattetala for dei fire første månadane i 2015 ein skattesvikt på 80,9 millionar kroner i forhold til kva som blei budsjettert med i Stavanger. Bilete er frå Stavanger sentrum.

Foto: Knai, Vidar / NTB scanpix

Stavanger kommune er i ein vanskeleg økonomisk situasjon. Underskotet i fjor var på drygt 100 millionar kroner, og i vår fekk kommunen ein momsrekning på 256 millionar kroner etter bygginga av det nye konserthuset.

Nå viser skattetala for dei fire første månadane i 2015 ein skattesvikt på 80,9 millionar kroner i forhold til kva som blei budsjettert med.

– Dette betyr ein betydeleg omstilling for kommunen, seier økonomidirektør Kristine C. Hernes til NRK.

Skatteinngangen i første tertial (første fire månader) er i underkant av 1,5 milliardar kroner i Stavanger, noko som er ein auke på 0,3 prosent samanlikna med same periode i fjor.

Skatteinngangen er den viktigaste inntektskjelda til kommunen og blir rapportert månadleg til formannskapet.

Tysdag blei skattetala gjort kjent for arbeidsutvalet i Stavanger, og torsdag blir dei lagt fram for formannskapet.

12. mai kom revidert nasjonalbudsjett frå regjeringa. Der fekk kommunane ein milliard ekstra, Stavanger fekk 33 millionar. Desse prognosane kjem med i rådmannen sin rapportering for dei fire første månadane.

Ifølge økonomidirektør Hernes er det per i dag umogleg å svara på kva skattetala vil visa resten av året.

Stavanger kommune sitt totalbudsjett er på ni milliardar kroner.