– Denne parken er heilt «sinnssjuk». Det er kjekt å vera tilbake igjen i Stavanger, og sjølvsagt kjekt å delta på NM, seier Fredrik Austbø (28).
28-åringen er full av lovord om NM-arenaen; den nye skateparken på Tasta i Stavanger som blei opna tidlegare i sommar. Med sine 2700 kvadratmeter er den norges største.
– Veldig mange talent
– Kva betyr denne parken for dei som skate i dag?
– Eg trur den betyr utruleg mykje. Eg hugsar då eg var «kid» og me hadde den gamle skateparken.
– Så korleis står det til med rekrutteringa?
– Det er veldig mange talent. Nivået er skyhøgt her på NM og der er superkult å sjå på. Det er også mange frå Stavanger og området rundt. Det er kult å sjå, seier 28-åringen.
– Skatepark i verdsklasse
Sjølv om Austbø har trappa ned satsinga, klarte han tredjeplass i Senior bowl i NM i helga. 28-åringen, som har vore aktiv både med snøbrett og rullebrett, studerer til dagleg Sports management på Idrettshøgskulen i Oslo.
– Det er ein heilt annan kvardag enn før, men utruleg gøy.
Austbø skryt av skatemiljøet i Stavanger som han meiner alltid har vore bra.
– Stavanger har vore skatehovudstaden lenge og det er mange bra yngre skatarar. Og denne parken på Tasta er absolutt i verdsklasse, ein av dei råaste parkane eg nokon gong har skata på, gliser 28-åringen.
Skate-NM blei avslutta laurdag etter litt vêrtrøbbel på fredag.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Her er alle vinnarane frå skate-NM i Stavanger 2016:
Senior street:
1. Gard Hvaara
2. Herman Stene
3. Karsten Kleppan
Junior street:
1. Jonas Carlsson
2. Petter Brunvatne
3. Simen Heggeland
Senior bowl:
1. Kevin Bækkel
2. Karsten Kleppan
3. Fredrik Austbø
Junior bowl:
1. Elias Nilsen
2. Jonas Carlsson
3. Petter Brunvatne
Jenter Street:
1. Tonje Pedersen
2. Snøfrid Vestli
3. Frida Steinbakk
Jenter miniramp:
1. Tonje Pedersen
2. Renate Stangvik
3. Anna Stagrun
Game og S.K. A. T. E:
Michael Sommer