Skaper verdiar for milliardar – får likevel ikkje «småpengar» til rassikring

Berre seks veker tar det for kraftkommunen Suldal å skapa verdiane som trengst for å sikra ein av landets verste rasvegar. Likevel må dei sjå langt etter pengane.

Ras i Suldal 1:1 crop

Over 270 ras og skred har gått over riksveg 13 mellom Erfjord og Sand i Suldal dei siste elleve åra. Det er nesten eitt ras annankvar veke.

Foto: THOMAS HALLELAND

– Suldal er viktig for norsk straumforsyning, arbeidsplassar og norsk økonomi. Då er det eit paradoks at ein ikkje klarer å prioritera nokre få kraftkroner til å sikra vegen som er livsnerven i lokalsamfunnet, seier stortingspolitikar frå Raudt, Mímir Kristjánsson.

Om lag 8 prosent av den samla kraftproduksjonen i Noreg skjer i Suldal kommune i Rogaland. Det gjer den til ein av dei største kraftkommunane i landet.

Samstundes har Ryfylkekommunen nokon av landets aller verste vegstrekk, ifølge ei kåring NRK stod bak i 2018.

Seinast i slutten av oktober gjekk eit av dei største rasa nokosinne på den rasfarlege strekninga mellom Erfjord og Sand på riksveg 13.

Kartet viser dei største rasa som har gått på riksveg 13 i Suldal dei siste åra.
Raset som gjekk 28. oktober 2021 var eit av dei aller største.
Ras på Riksveg 13
28. oktober i 10-tida
Den største steinblokka vog om lag 80 tonn. Det var nære på for bilar på begge sider av raset.

Men først i 2026 startar arbeidet med ein fire kilometer lang tunnel til knappe 900 millionar kroner.

Lokalbefolkninga fryktar at liv kan gå tapt om dei må venta så lenge.

No viser eit reknestykke NRK har gjort at det berre tar om lag seks veker å skapa verdiar tilsvarande det tunnelen kostar. Det skjer gjennom produksjonen på dei seks største kraftverka i kommunen.

(Sjå utrekninga i faktaboksen.)

SV: – Må slutta å behandla distrikta som koloni

Det siste store raset gjekk 28. oktober.

Det betyr at kraftpengane er «produsert opp» alt 9. desember.

Mímir Kristjánsson

Mímir Kristjánsson (R) har engasjert seg sterkt i debatten for raskare rassikring av riksveg 13 i Suldal den siste tida.

Foto: Truls Dydland

– Når kommunen har eit så viktig behov og det er snakk om nokre hundre millionar kroner, er det merkeleg at storsamfunnet ikkje klarer å hosta opp dei nødvendige pengane. Tenk på alt Suldal bidrar med i form av kraftinntekter, seier Raudt-politikar Kristjánsson.

Også stortingspolitikar Ingrid Fiskaa frå SV meiner reknestykket er talande.

– Dette seier mykje om kor stor verdiskaping som skjer i Suldal og distrikta. Det må bli slutt på at staten og storsamfunnet behandlar distrikta som ein koloni der ein hentar ut verdiar og ressursar, og ikkje som plassar der folk skal leva gode liv.

Lokalbefolkninga har fått nok, og nyleg demonstrerte mange av dei framføre Stortinget.

Suldal-opprør

Mange tok buss frå Suldal til Stortinget for å demonstrera for raskare rassikring 23. november. Rasaksjonistane fekk også møta ein stor delegasjon frå samferdsledepartementet.

Foto: Thomas Halleland / NRK

– Ikkje vanleg med analysar av verdiskaping

Når det blir laga samfunnsøkonomiske analysar av aktuelle tiltak på norske vegar, er trafikkgrunnlaget viktig.

Litt av problemet for rasstrekket i Suldal er at årsdøgntrafikken (ÅDT) er relativt beskjeden (1200 køyretøy per døgn i 2013).

Venta trafikkutvikling blir også lagt til grunn, i tillegg til vurdering av skredpunkt.

Mette Gundersen

Statssekretær i samferdsledepartementet, Mette Gundersen (Ap).

Foto: Svein Sundsdal / NRK

– Normalt blir det ikkje gjort spesifikke analysar av verdiskapinga som trafikken på dei enkelte strekningane bidrar til. Kunnskap om forhold utover det som inngår i utrekningsmodellane og analysane er likevel nyttig tilleggsinformasjon for dei som tek avgjerdene, seier statssekretær i samferdsledepartementet, Mette Gundersen (Ap).

(Les heile svaret i faktaboksen).

Men Raudt-politikar Kristjánsson meiner det blir tatt for lite omsyn til distrikta i vegpolitikken.

– Bygdene står eigentleg for størsteparten av verdiskapinga i Noreg gjennom kraftproduksjon, turisme og fiskeri. Likevel slit dei med å få trygge vegar, medan me investerer hundrevis av milliardar på motorvegar inn og ut av dei store byane.

– Men kraftkommunar som Suldal får noko igjen på andre måtar i dag gjennom til dømes eigedomsskatt. Kva seier du til det?

– Det er rett. Men kraftkommunar gir frå seg mykje meir til storsamfunnet enn det dei får igjen. Berre ein liten brøkdel av verdiane som blir skapt i Suldal, blir i kommunen. Me er avhengige av livskraftige lokalsamfunn også i distrikta dersom me skal lukkast i å bygga landet for framtida.

SV har nemnt den rasfarlege vegen i Suldal spesielt i sitt budsjett.

Stortingsrepresentant Fiskaa håpar på gjennomslag i budsjettforhandlingane med Ap og Sp fram mot jul, men seier ingenting så langt er avklart.