NRK Meny
Normal

Skal vi ha bønder i heile landet i framtida?

Bondelagsleiaren utfordrer landbruksdepartementet når landbrukstoppene i Norge møtes til debatt om framtidas landbruk klokka 14:50.

Debatt om fremtidens landbruk på Clarion hotell i Stavanger.

DIREKTE 14:50: DEBATT: Kva betyr teknologisk utvikling og klimaendringar for framtidas landbruk?

Sjå debatten «Framleis aktivt landbruk i heile landet i framtida?» direkte mellom klokka 14.50 og 16:00.

I panelet sit:

  • Terje Halleland (Frp), statssekretær i Landbruks– og matdepartementet
  • Geir Pollestad (SP) stortingsrepresentant
  • Solveig Tengesdal (KRF) fylkesordførar i Rogaland
  • Iselin Nybø (V) stortingsrepresentant
  • Torstein Tvedt Solberg (AP) stortingsrepresentant

Dei får utfordringar frå:

  • Lars Petter Bartnes, leiar av Norges Bondelag
  • Hans-Christian Gabrielsen, 2.nestleiar LO
  • Petter Haas Brubakk, administrerande direktør NHO mat og drikke

Landbrukspolitisk konferanse

Debatten er avslutninga på «Landbrukspolitisk konferanse 2017» som arrangeres av fylkesmannen i Rogaland.

«Teknologi har alltid vore ein av hoveddrivarane i landbruket og blir stadig viktigare. I vår smartteknologitid ser vi at teknologien gir mange fordelar, sjølv det også er utfordrande sider. Er det slik at teknologien ikkje berre medverkar til auka effektivitet og betre ressursbruk, men også kan vere med å løyse klimafloka for det matproduserande jordbruket? Regjeringa har uttalt at det må betydeleg omstilling til for å nå klimamåla i sektorar som ikkje er ein del av kvotesystemet, altså også jordbruket. Det vil bli meir klimapolitikk i landbrukspolitikken. Denne konferansen vil gi oss ny kunnskap om kva vi har i vente, både av teknologi og politikk. »

Programmet:

Program
Foto: Fylkesmannen i Rogaland