Hopp til innhold

Skal trene med fransk toppklubb

Bryne-spelar Tord Johnsen Salte (15) skal prøve seg ut i den franske toppklubben Saint-Étienne i to veker. Men klubben ønsker ikkje å selja.

Tord Johnsen Salte

15 åringen har ni aldersbestemte landskampar for Norge, og er i år med i Bryne sin A-lagstropp.

Foto: Bryne FK

Stortalentet Tord Johnsen Salte frå Bryne har blitt invitert til eit to veker langt treningsopphald i franske Saint-Étienne.

– Det var ein agent frå det franske fotballforbundet som tok kontakt. Johnsen Salte skal bu på akademiet til Saint-Étienne, der han skal trena saman med U-18 spelarane, seier Asle Tjøtta, dagleg leiar i Bryne FK.

15 åringen har ni aldersbestemte landskampar for Norge, og er i år med i Bryne sin A-lagstropp.

– Han har ein toårskontrakt med oss, og me ønsker ikkje å selja han. Det er likevel ei positiv erfaring for han å få vera med på prøvespel i Frankrike, seier Tjøtta.