Skal testa fleire hundre personar

Over 300 personar har så langt meldt frå om at dei har vore på uteplassane i Haugesund der dei to smitta bartenderane har jobba. Alle skal testast for covid-19 i den kommunen dei bur i, seier kommuneoverlege i Karmøy, Katrine Marie Haga Nesse.