Hopp til innhold

Ho var delvis lam i 1980 - nå er ho klar for sitt første Nordsjøritt

Då Lise Seldal Gård var 13 år gamal blei ho slept etter hesten sin fleire hundre meter. Det gjekk tre månadar før ho vakna frå koma, då var ho delvis lam og hadde mista taleevna si. I dag gjer ho seg klar for ni mil på tandemsykkel under helgas Nordsjørittet.

Lise Seldal Gård

Lise Seldal Gård var lam i høgre sida og måtte læra seg å snakka på nytt i 1980 når ho var 13 år.

Foto: Privat

Tandem nordsjørittet

Lise Seldal Gård ligg i desse dagar i hardtrening før Nordsjørittet denne helga.

Foto: Ole Andrè Lagmandokk / NRK

Det var på trimteateret Lise Seldal Gård fekk utfordringa, her går ho for å trena opp balansen sin saman med trenaren Thomas Robberstad:

– Thomas kom og spurte meg om eg ville sykla Nordsjørittet, då kunne er ikkje vera verre enn at eg sa nei, svarar Seldal Gård og ler av den knallharde oppgåva ho har framføre seg.

91 kilometer på sykkel, halvparten på asfalt og andre halvedelen på grus og terreng.

Ei rideglad jente

Det er nå omlag 30 år sidan livet til Seldal Gård tok ei drastisk vending.

Ho var ei rideglad og aktiv jente. Saman med veninner skulle dei ut å ri på hestane sine, men noko var ikkje som det skulle.

Hesten til Lise tok ut slik at ho blei kasta av, men ho hang fast i nylontaumen:

– Eg hang etter hesten i kanskje tre hundre meter heilt til den krasja i ein bil som stod parkert, fortel ho frå dagen då alt blei endra.

Lise trefte bilen svært hardt i venstre side. Ho blei frakta til sjukehuset kor ho blei liggjande i koma i tre månader og ni dagar.

Lise Seldal Gård

Lise Seldal Gård på sjukehuset etter ho har vakna frå koma.

Foto: Privat

Måtte læra seg å snakka

– Når eg vakna opp forstod eg først ingenting, eg trudde kanskje at eg låg inne for noko heilt vanleg, seier ho.

Lise Seldal Gård

Vegen var kort frå hesteryggen til Rullestol. Lise Seldal Gård sat i rullestol i halvanna år etter ulukka.

Foto: Privat

Litt etter litt gjekk det opp for den aktive jenta at det var noko langt meir alvorleg som var gale:

– Eg merka at eg ikkje kunne snakke og at eg var lam i høgre sida mi, dette var tungt men i dag har eg det fint eg snakkar bare litt tregt.

For på sjukehuset sette treninga i gang med ein gong. Lise måtte læra seg å snakka i ein alder av 13 år og ho fekk trena opp kroppen att.

Nå har ho mann og to barn, ho slit likevel med balansen framleis og går fast på trening på trimteateret i Stavanger.

Her er Thomas Robberstad trenar, og det var han som kom med den litt uvanlege idèen.

Slik var Nordsjørittet 2010:

Pressa på

– Det var då eg såg Lise på ein ergometersykkel eg spurte om det ikkje kunne vore ein tanke å prøva oss litt på utesykling, fortel Robberstad.

Dette kunne Lise gjerne tenka seg, og når Thomas hadde fått ho på glid stoppa han ikkje. Lise fortel:

– Når han spurte meg vidare følte eg at eg ikkje kunne seia nei, sidan eg hadde sagt ja til å bli med å sykla ute.

Tandemsykkel på Nordsjørittet

Thomas og Lise ute og trenar til den store dagen.

Foto: Ole Andrè Lagmandokk / NRK

Har sykla 80 mil

Så var det avgjort. Dei sende søknad til Helse Vest, og mottok i påska ein tandemsykkel. Då var det berre fem veker til rittet.

– I tillegg har eg vore sjuk ei veke så me har berre hatt fire veker til å førebu oss, seier Robberstad.

Det er han som sit framme ved styret, medan Lise sit bak og trør. Begge er trygge på at det skal gå godt.

– Me har sykla omlag 80 mil nå, og mesteparten av løypa har me også sykla gjennom, seier ho.

Så vil det visa seg korleis vêret vil bli under laurdagens ritt frå Egersund til Sandnes, Lise Seldal Gård og Thomas Robberstad håpar på ikkje alt for mykje motvind.

Video 4d776039-d1dc-4e9c-b002-9ca34d2e183e.jpg

VIDEO: Skal sykla Nordsjørittet på tandemsykkel (Foto: Ole Andè Lagmandokk)