Hopp til innhold

Skal svømma 30 timar i strekk – til Danmark

Ingen har ført svømt i eitt strekk frå Norge til Danmark. Nå ventar karmøybuen Stian Vikra på godt vêr, slik at han kan bli den første.

Stian Vikra

Den lengste svømmeruta frå Norge til Danmark er 150 kilometer. Stian Vikra føler seg godt førebudd og ventar berre på godt vêr.

Foto: Arvid Torsgard / NRK

Det er strålande sol og høge sommartemperaturar i store delar av landet, og mange har nok kjølt seg ned i både vatn og sjø dei siste dagane.

Men det er nok få som har like store ambisjonar som Stian Vikra når dei hoppar i havet.

Karmøybuen tek nemleg sikte på svømma heilt frå Norge til Danmark, i eitt strekk, ein av dei nærmaste dagane.

– Det begynte for nokre år sidan då ein kamerat føreslo at eg skulle svømma over Skagerrak. Eg har drive på med ulike svømmeprosjekt sidan 2008, og då kan Skagerrak vera ein fin avslutningstur, seier Vikra til NRK.no.

Tre rutealternativ

Stian Vikra

Stian Vikra skal symja 15 mil til Danmark.

Foto: Privat

Han har i samråd med Havforskingsinstituttet funne tre aktuelle ruter for å kryssa havområdet mellom Norge og Danmark.

Den lengste ruta er 150 kilometer, frå Skagen lengst nord i Danmark til Hvaler yttarst i Oslofjorden. Dei to andre rutene er frå Grimstad- og Arendalsområdet. Distansen for desse rutene er om lag 120 kilometer.

– Nå har eg base på eit hotell i Kristiansand. Når det ser ut til å bli bra vêr, går eg i gang, kanskje det blir på fredag. Redningsselskapet stiller med følgebåt, seier Vikra.

Eg svømmer med svømmeføter for å letta turen.

Stian Vikra

Fleire lange turar bak seg

Han seier den største utfordringa er å finna ein dag der det går an å svømma 15 mil i strekk.

– Eg svømmer med svømmeføter for å letta turen. Då går det litt fortare om straumen skulle snu. Men eg er ekstremt avhengig av gode forhold, seier karmøybuen.

– Kor lang tid reknar du å bruka på turen?

– Eg håpar å klara det på 30 timar, men det kan fort gå meir tid.

Det er ikkje første gongen Vikra legg ut på lange svømmeturar. Både Den engelske kanal (42 km), Mjøsa på langs (100 km) og Lysefjorden på langs (42 km) står på Cv-en til karmøybuen.

– Lysefjorden var ein treningstur. Denne gongen har eg trent tre gonger så mykje målt i timar og kilometer. Skal det vera muleg nokon gong, må det vera nå.

Eg vil setja fokus på organdonasjon og oppfordra folk til å seia ja til organdonasjon.

Stian Vikra

Vil retta fokus mot organdonasjon

Målet med den 15 mil lange svømmeturen til Vikra er å setja søkelyset på organdonasjon. Fetteren til Vikra døydde nemleg etter å ha venta på nytt hjarta i fleire år.

– Eg vil setja fokus på organdonasjon og oppfordra folk til å seia ja til organdonasjon.

– Gler du deg til turen?

– Eg er klar. Folk trur kanskje eg gruar meg, men eg kjem nok til å vera letta når eg er ute i vatnet og berre skal symja. For dette handlar om meir enn ein svømmetur, seier han.

Stian Vikan svømmer gjerne langt og lengre enn langt i kaldt vann for å redde liv.

ARKIV, 20.06.2013: Sjå tv-reportasjen der Stian Vikra svømmer i hamnebassenget i Harstad.

gamle Skibladnerbrygga på Lillehammer, skifter til badetøy, måler temperaturen, intervjustrekk, hopper uti vannet, svømmer på Mjøsa, går opp i følgebåten, intervjustrekk, svømmer på Mjøsa, intervjustrekk

ARKIV, 01.07.2013: Stian Vikra blir den første til å svømma Mjøsa på langs.