Hopp til innhold

Skal kjempa motstandarane i senk

Onsdag blei det aller første lagbilde av eit toppfotballag frå Sandnes tatt.

Video Sandnes Ulf lagbilde

Onsdag var det lagbildefotografering på Sandnes stadion. Måndag er det alvor når Viking kjem på besøk i første serierunde.

Draumen om eliteseriespel i Sandnes er berre fem dagar unna. Måndag blir den alle første toppdivisjonkampen spelt på Sandnes stadion når dei lyseblå tar imot storebror Viking.

Første lagbilde

I dag var det duka for lagbildefotografering og tid for å slå tilbake på dei som dømmer Sandnes Ulf nord og ned igjen i 1. divisjon.

– Eg har aldri vore så godt trent som under Asle Andersen (trenaren for Sandnes Ulf, jour. merk.). Det får me igjen for i kampane og er noko me kjem til å merka i år også, seier Sandnes Ulf-spelar Kamal Saaliti.

Han er ein av dei sentrale spelarane for eit lag som har imponert i sesongoppkøyringa. Dei lyseblå har skåra mange mål og overbevist med godt spel.

Tøff spelestil

Og oppskrifta for å slå lag som Viking, Rosenborg og Molde blir å springa og kjempa meir enn motstandaren.

– Me har ein veldig tøff og krevjande spelestil. Og trenaren blør for måten me spelar på, seier Saaliti.

– Kva seier du til ekspertane som tippar at Sandnes Ulf rykkjer rett ned igjen?

– Eg seier det så enkelt som dette: Dei har ikkje peiling.

Trur du Sandnes Ulf klarer å halda plassen i Eliteserien i år?