NRK Meny
Normal

Skal kartleggja 500 kunstskattar frå privat samling

I november opnar ei utstilling med kunstnaren Jan Groth si private kunstsamling på Stavanger kunstmuseum. No har museet eit stort detektivarbeid framfor seg, over 500 kunst- og kulturskattar frå heile verda skal nemleg registrerast før utstillinga opnar.

Kurator Vibece Salthe (t.h.) og museolog Belén Navazo

DETEKTIVAR: Kurator Vibece Salthe (t.h.) og museolog Belén Navazo har eit stort arbeid framfor seg.

Foto: Anett Johansen Espeland / NRK

Museet har fått den private samlinga i gåve – over 500 etnografika og billedkunst – samla inn av kunstnar Jan Groth, som er fødd i Stavanger, og hans venn og partnar, den tidlegare direktøren ved Louisiana-museet i København, avdøde Steingrim Laursen.

Noko av kunsten er frå før Kristi fødsel, andre ting er frå vårt hundreår. Før utstillinga opnar 6. november har kurator Vibece Salthe og museolog Belén Navazo mykje detektivarbeid framfor seg.

– Ein blir litt, som ein seier i Stavanger, «kokt i håve» (hovudet) når ein skal hoppa frå indianarkulturar til afrikanske spådomsbrett heile tida, seier Vibece Salthe.

Museolog Belén Navazo

MYKJE ARBEID FRAMFOR SEG: Museolog Belén Navazo med det dei først trudde var ein brystklut, men som viste seg å vera eit forkle eller smekke for menn.

Foto: Anett Johansen Espeland / NRK

– Viktig å visa fram

Groth/Laursen-samlinga inneheld også teikningar frå markante billedkunstnarar, som Anselm Kiefer og Sol LeWitt, og det er denne koplinga mellom moderne etterkrigskunst, antikvitetar og kvardagsgjenstandar frå ulike folkeslag som er spanande, meiner Salthe.

– Frå byrjinga av 1900-talet og framover så var det mange kunstnarar som er opptekne den type uttrykk. Picasso var jo ein av dei som var opptekne av afrikansk kunst. Det er spanande, det er ein del av kunsthistoria som ikkje så oftast er framme i lyset, difor er det viktig å gjera noko med det, seier Salthe.

Vibece Salthe

SHERLOCK HOLMES: – Det blir litt som om me er Sherlock Holmes i arbeidet med å finna ut kva alt saman er, seier kurator Vibece Salthe.

Foto: Anett Joahnsen Espeland / NRK

Har brukt hjartet meir enn hovudet

Video nsps_upload_2009_5_5_19_37_11_13.jpg

GIR VEKK SAMLINGA: Kunstnar Jan Groth.

Foto: Roald, Berit / SCANPIX

– Eg blir ganske høg på ein spikar frå ein afrikansk stamme. Det er ikkje sikkert alle blir det, dei ser meir på korleis den er laga, seier Jan Groth, kunstnaren som er berømt for sin minimalistiske strek, og altså ein ivrig samlar saman med Steingrim Laursen.

– Kva er det du har sett etter når du har samla?

– Eg veit ikkje. Eg har nok brukt hjartet meir enn hovudet. Som billedkunstnar har eg henta veldig mykje frå den kunsten. Det er potter, skår og små gjenstandar, men eg føler at dei er lada med uttrykk, seier Groth.

Kunstsamling ved Stavaner kunstmuseum
Foto: Anett Johansen Espeland / NRK

– Noko er sikkert, noko er usikkert

Salthe og Navazo brukar internasjonale databasar og får hjelp frå Universitetsmuseet i Bergen for å nøsta opp trådane.

– Nokre ting kan me vera veldig sikre på, andre ting veit me ikkje, seier Salthe.

Museum rundt om i verda er fulle av kulturskattar som det i dag hadde vore ulovleg eller kontroversielt å selja, og også i denne samlinga er det eit klenodium: ein inskripsjon frå Kong Shutruk-Nakhunte.

– Den inneheld ikkje ulovlege element, men det er eit objekt frå Iran som berre Steingrim og eg hadde, og som Dronning Margrethe hadde. Me hadde eit kvar, seier Groth.

Kunst frå Jan Groth si private samling
Foto: Anett Johansen Espeland / NRK