Hopp til innhold

Intern gransking etter skyteepisode

... men politimeisteren meiner pistolen var godt nok sikra.

Rogaland politidistrikt skal ha ei intern gransking etter skyteepisoden på Stavanger politistasjon i natt.

Sjå TV-saka om skyteepisoden som skjedde natt til onsdag inne på Stavanger politistasjon.

Hans Vik

Hans Vik er politimeister i Rogaland politidistrikt. Han har i ettermiddag sett i gang ei intern gransking av skyteepisoden som skjedde på Stavanger politistasjon i natt.

Foto: Skibstad, Kent / NTB scanpix

I ettermiddag har politimeister i Rogaland, Hans Vik, avgjort at dei skal ha ei intern undersøking av skyteepisoden som skjedde i skranken på politistasjonen natt til onsdag. Den interne granskinga kjem i tillegg til politiet si etterforsking av saka.

– Etterforskinga rettar seg mot gjerningsmannen, medan den interne undersøkinga rettar seg mot dei arbeidsmiljømessige sidene ved dette, mot meg som arbeidsgjevar og ansvaret som er knytt til det, seier Vik til NRK.

– Fekk ein finger på avtrekkaren

Det vak klokka ein 22.16 ein 24 år gamal mann kom inn på politistasjonen i Stavanger, hoppa over skranken og fekk fyrt av eit skot med pistolen til ein av politibetjentane som var bak skranken.

Politiet er knappe med opplysingar rundt hendinga, og vil mellom anna ikkje sei kor kula hamna. Ingen blei skadde, og ifølgje opplysningane som har kome skal pistolen blitt fyrt av medan den framleis var i hylsteret.

– Det er openbart at han har fått fingeren på avtrekkaren, og det er openbart at det har gått av eit skot. Korleis det har skjedd skal me prøva å finna ut av gjennom etterforskinga og undersøkinga, seier Hans Vik.

– Var våpenet ladd?

– Eg vil ikkje sei noko om det fordi det vil vera å røpa korleis me er førebudde på situasjonar, og det vil eg ikkje gjera.

– Var sikringa på?

– Slik eg ser det blei våpenet bore i i samsvar med til dei prosedyrane og instruksane som gjeld.

Vil vurdera endringar

Likevel blir mandatet til den interne granskingsgruppa å koma med forslag til endringar i rutinar.

– Me vil finna ut kva som skjedde og om det er noko me kan gjera annleis eller betre. Me vil også sjå på om me må treffa rutinar eller tiltak for å unngå at noko liknande skjer på ny, seier Vik

Ei meir lukka skranke er eitt alternativ, Vik set likevel pris på den opne skranken slik den er i dag.

– Me ønsker å behandla folk som om dei kjem her med fredelege hensikter, og ikkje som om dei vil angripa oss. Den openheita har me nå sett konsekvensen av i ei veldig alvorleg enkelthending, og det er noko me må ta på alvor og sjå i augo.