NRK Meny
Normal

Skal saumfara overvakingsvideo frå sentrum

Politiet håper at overvakingsvideo frå Stavanger sentrum kan hjelpa dei i etterforskinga av valdtekta, som blei meld natt til første mai.

Valdtekt i Stavanger

Her mellom Stavanger domkirke og Stavanger katedralskole det blei meldt om valdtekt natt til første mai.

Foto: Ronny Hjertås

– Det er ein del overvakingskamera i sentrum, så eitt av dagens gjeremål blir å gå gjennom dette for å sjå om noko har blitt fanga opp, seier etterforskingsleiar, Trond Atle Bjelland, ved Rogaland politidistrikt.

Det var i 23.30-tida natt til første mai at ei 27 år gamal kvinne melde frå til politiet at ho hadde blitt valdteken av ein mann i smauet mellom Stavanger domkirke og Stavanger katedralskole. Politiet rykka ut og sikra spor frå åstaden, kvinna blei teken hand om på valdtektsmottaket ved Stavanger legevakt.

Inga skildring av gjerningspersonen

Kvinna har så langt vore inne til eitt avhøyr, men politiet vil framleis ikkje gå ut med skildring av gjerningspersonen eller hendingsgangen.

– Før me går ut med dette må me gjera eitt nytt og grundigare avhøyr. Dette avhøyret er framleis ikkje tidfesta, seier Bjelland.

Første mai etterlyste politiet tips i saka, men det skal førebels ikkje ha kome inn tips som har hjelpt dei å koma nærmare ei oppklaring.

– Førebels har me ingen mistenkte, men me jobbar vidare med etterforskinga, avsluttar Bjelland.