– Kommunalministeren skal sørgja for at me får eit svar på om me kan ha privat ferjedrift over Høgsfjorden, etter opninga av Ryfast, seier ordførar i Forsand, Ole Tom Guse, etter å ha vore i møte med kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner i dag.
Tema for møte har vore kommunesamanslåing, men ferja spelar ein viktig rolle for korleis Forsand skal halda fram det vidare arbeidet sitt om samanslåing.
- Les òg:
Dersom kommunen ikkje får lov å ha eit ferjetilbod, som vil vera i konkurranse med den undersjøiske Ryfast-tunnelen, som skal stå klar i 2019, vil det vera uaktuelt for Forsand å halda fram arbeidet med å greia ut rundt ei samanslåing med Sandnes og Gjesdal.
– Dersom me får ja, har me tre alternativ å ta stilling til. Anten å halda fram for oss sjølv, slå oss saman med Strand og Hjelmeland i «Fjord kommune», eller slå oss saman med Sandnes og Gjesdal, seier ordføraren.
Det er samferdselsministeren som skal ta stilling til Høgsfjord-ferja.