Hopp til innhold

Skader for fleire titals millionar

Stormen som har herja i Rogaland og på Vestlandet det siste døgnet har gjort skader for fleire titals millionar kroner.

Stormskader i Tananger.

Tre rekkehus i Tananger i Sola er påført store skader i uvêret. Video: Håvar T. Knutsen.

Thomas Berg Bærheim i Tananger i Sola er ein av fleire som har vore svært uheldige i stormen.

I går forsvann taket frå huset til han og to av naboane med eit stort brak.

– Det var veldig ubehageleg. Dersom vinden snur kan eg få restane i fleisen igjen, seier han.

Les også: 120 vogntog i kø - men nå går ferjene

Skulla tola ekstremvêr

Thomas Berg Bærheim

Thomas Berg Bærheim.

Foto: Håvard T. Larsen

Rekkehuset var berre tre år gammalt, og er oppført i det som skal blir det største byggefeltet i Sola kommune.

I reguleringsplanen for byggefeltet Myklebust står det at området skal «prosjekterast for vêrhardt klima». Det verka ikkje å vera tilfelle i går.

– Ein kan ikkje bygga hus som ikkje toler ekstremvêr. Noko må bli gjort, seier han.

Les også: Sjøen rant over kaikanten i Stavanger

330 skademeldingar

Fredag ettermiddag hadde forsikringsselskapet Gjensidige mottatt 330 meldingar om skader etter stormen, dei fleste av desse på Vestlandet.

Rogaland er hardast ramma med 210 melde skader. I Hordaland er det så langt meldt om 50 skader. På private eigedommar ligg gjennomsnittsskaden på 55.000 kroner.

Arne Voll

Arne Voll.

Foto: Gjensidige

Det betyr at det er meldt skader for over 11,5 millionar kroner i Rogaland, berre for dei som er kundar hos Gjensidige.

Reknar ein med dei andre forsikringsselskapet blir skadeomfanget etter stormen truleg på fleire titals millionar kroner i Rogaland.

– Det har vore veldig stor pågang frå fortvilte kundar som har opplevd skader i uvêret, seier informasjonsansvarleg i Gjensidige, Arne Voll.

Les også: Det er farlig å ferdes i friområder

Ekstra folk på jobb

Mesteparten er stormskadar på hus, garasjar og driftsbygningar. Blant anna er fleire tak skadd av den kraftige vinden.

Det er også meldt om ein del skader på bilar som er trefte av taksteinar, tre eller andre lause gjenstandar.

Gjensidige har nå ekstra folk på jobb for å få utbetalt forsikringspengane raskt til folk.

– Det viktigaste er at folk melder skadane så kjapt som mogleg, så går ting slik det skal. Men for dei som har fått store skader, kan det ta tid før dei får flytta inn i huset igjen.

Forsikringsselskapa kan nok venta seg endå fleire skademeldingar dei kommande dagane.

Tananger Sola

Fleire tak har blåst av hus i Rogaland. Blant anna her i Tananger.

Foto: Håvard T. Knutsen