NRK Meny
Normal

Sjukehus kan få promillekontroll

Det kan bli aktuelt å promilletesta sjukehustilsette på jobb. Det seier personal- og organisasjonsdirektør i Helse Vest, Hilde Christiansen.

Mannlige sykepleiere

Nå kan tilsette på Stavanger universitetssjukehus og andre sjukehus i landet bli alkotesta.

Foto: colourbox.com / colourbox.com

På lik linje med pilotar og yrkessjåførar må helsepersonell nå avstå frå alkohol åtte timar før jobb.

Det er ei ny forskrift som gjer at det nå blir aktuelt med promillekontrollar på sjukehusa skriv Aftenbladet.

– Kan testa med mistanke

Personal- og organisasjonsdirektør i Helse Vest, Hilde Christiansen, er svært positiv til dette skriv ho i bloggen sin på Helse Vest sine heimesider.

– Om lag 60 prosent av helseautorisasjonene som har blitt inndregne i Noreg dei tre siste åra, skuldast misbruk av alkohol, narkotika og/eller piller. I Helse Vest vil vi sterkt oppmode til auka merksemd og diskusjon blant medarbeidarar om bruk av rusmiddel, skriv ho.

Forskrifta opnar for promillekontroll av helsepersonell når det er mistanke om at medarbeidarar er påverka.

Det er arbeidsgjevar eller Fylkesmannen som kan pålegga prøven, og det er lege, sjukepleiar eller bioingeniørar som skal utføra prøva. Dersom dei tilsette ikkje vil gje frå seg prøve, kan politiet bli kopla inn.

– Dette gjeld også for helsepersonell, som ikkje er i direkte kontakt med pasientane, understrekar Christiansen.

Fylkesleder Nina Horpestad i sjukepleierforbundet

Fylkesleiar i Norsk Sjukepleiarforbund, Nina Horpestad, seier at helseføretaka må finna gode retningslinjer saman med dei tillitsvalde for korleis alkoholkontrollane skal gjennomførast.

Foto: Bjørn Olav Skjæveland / NRK

Ingen reaksjonar frå sjukepleiarar

Så langt har ikkje tillitsvald for sjukepleiarane på Stavanger universitetssjukehus motteke klagar frå sjukepleiarane etter forskrifta trådde i kraft i april.

– Men når det kjem til alkoholtest er dette framleis så ferskt at det ikkje finst gode retningslinjer for gjennomføring. Derfor er det viktig at helseføretaka, saman med tillitsvalde, må utarbeider gode rutinar for dette, seier Nina Horpestad, som er fylkesleiar for Norsk Sjukepleiarforbund.

I høyringa til den nye forskrifta gjekk dette forbundet inn for nulltoleranse for promille hos dei tilsette.

– Grensa er nå sett på 0,2 promille. Så eigentleg er det dette punktet som skuffar oss i forskriftene, seier Horpestad.

– Blir eit spørsmål om personvern

Overlegeforeninga i Rogaland meiner dette er ei prinsipiell sak, som må diskuterast på sentralt plan.

– Eg støttar sjølvsagt målsetjinga om at ein ikkje skal ha rusa legar på jobb, men det kan jo bli eit spørsmål om personvern dersom ein tenker seg å ha hyppige kontrollar, seier Per Egil Haavik, vikarierande tillitsvald for Overlegeforeninga på Stavanger universitetssjukehus.

Han opplyser om at det finst helsepersonell som blir alkotesta regelmessig.

– Dette er personar med tidlegare rusproblem eller i avrusingsprogram som frivillig har inngått ein avtale om urintestar, seier Haavik.