Hopp til innhold

I denne barnehagen forsvann vikarane

STAVANGER (NRK): Ved å redusere talet på barn per tilsett, gjekk sjukefråværet kraftig ned. Ikkje ein einaste vikar vart brukt.

Sandvikveien barnehage

NÆRVÆR: I Sandvikveien barnehage har dei snudd fokus, og måler nærvær i staden for fråvær.

Foto: Helene H. Rossholt

– Kvart barn vart sett i mykje større grad enn før, seier leiar Monica Kapstad.

Dei to siste åra har Sandvikveien barnehage i Stavanger hatt fleire tilsette enn normalt. Barnehagen var med på eit pilotprosjekt, med mål om å få ned sjukefråværet.

Den nye bemanningsnorma krev at det skal vere ein vaksen på seks store barn og ein vaksen på tre små barn.

Men i Sandvikveien fekk dei ein vaksen på fem store, og ein vaksen på to små.

Halverte fråværet

– Vi sette inn tiltak tidlegare òg, men no kunne vi gjere det med ein gong. Vi var nok vaksne til det, fortel Kapstad.

Virksomhetsleder i Sandvikveien barnehage

BEST PÅ BARNEHAGE: Kapstad drøymer om at Stavanger kommune kan bli den staden foreldre flyttar når dei får barn.

Foto: PRIVAT

På to år vart sjukefråværet i barnehagen nesten halvert frå 9,4 til 5,5 prosent.

I 2018 kom barnehagane i landet på førsteplass av alle sektorar i kommunane med eit sjukefråvær på 12 prosent, ifølge Kommunesektorens organisasjon (KS). Sandvikveien ligg under landssnittet for alle yrke etter pilotprosjektet.

– Det var ein stabil kvardag med gode rutinar. Det var lite fråvær, og vi brukte ikkje vikarar.

Sandvikveien barnehage

MÅLTID: Ein gong i veka kjem ein leveranse med eit fiskemåltid til alle barna i barnehagen.

Foto: Helene H. Rossholt

Høgare standard

Men no kjem det dårlege samvitet blant dei tilsette sigande.

– Vi merkar forskjell no som vi er tilbake til vanleg bemanning. Fleire i personalet kjenner på tanken; «har eg gitt alle barna det eg veit at dei har behov for».

Det har òg vorte meir sjukdom, og vikarane er tilbake.

Men det eg merkar det mest på, er at personalet er meir stressa. Det kan vere overgangen frå å verkeleg ha god tid til kvart barn, og så plutseleg ikkje ha det lenger.

Kostbar

I Stavanger krev tilsvarande bemanning i alle dei kommunale barnehagane 290 nye tilsette. Det svarer til rundt 120 millionar kroner når vikarutgiftene er trekt frå. Styreleiar Kapstad meiner likevel dette er ei god investering.

– Du kan ikkje måle det i kroner og øre no, men vi veit alle tiltak som blir sette inn før barna byrjar på skulen har mykje større effekt.

– Og det kostar å reparere. Det er ikkje alt som kan reparerast heller, utdjupar Kapstad.

Sandvikveien barnehage

HØGARE STANDARD: Kapstad fortel at kva dei tilsette definerer som godt nok for barna, har auka etter pilotprosjektet.

Foto: Helene H. Rossholt

Stavanger går føre?

Den nye leiar for oppvekst og utdanning i Stavanger, Eirik Faret Sakariassen (SV), seier han ønsker å vidareføre prosjektet.

– Eit av dei store måla for fleirtalet er å redusere sjukefråværet.

Også på sjukeheimen har kommunen hatt eit liknande prosjekt, med same utfall.

Eirik Faret Sakariassen

LITA TRU PÅ REGJERINGA: Sakariassen trur ikkje regjeringa støttar auka grunnbemanning i barnehagane.

Foto: Privat

– Det er eit veldig viktig signal. Men regjeringa burde òg satse på dette ved å gi midlar til kommunane, slik at vi kan auke bemanninga.

– Er dette ei samfunnsøkonomisk langsiktig investering?

– Eg meiner det. Å investere i barn er veldig viktig, fordi det er lønnsamt. Ein god barndom var heile livet ut.

Sandvikveien barnehage

SAMLINGSSTUND: Under denne samlingsstunda hadde dei vaksne rollespel, og viste barna korleis ein kan vere ekskluderande og inkluderande i leik.

Foto: Helene H. Rossholt

Kommunen sin ansvar

Statssekretær i Kunnskapsdepartementet, Julie Midtgarden Remen (H), meiner Stavanger er til inspirasjon for fleire kommunar. Men seier at det er kommunen som skal sørge for god nok bemanning, ikkje regjeringa.

Julie Midtgarden Remen

GODT DØME: Remen (H) meiner Stavanger er eit godt døme når det gjeld å sørge for endå høgare bemanning med dei ressursane kommunen allereie har.

Foto: Jan Richard Kjelstrup / ASD

– Måten dei har valt å jobbe på her gir tett og riktig oppfølging av barna, og i tillegg mindre sjukefråvær. Dette viser at kommunen har tatt ansvaret sitt, seier Remen.

– Er Kunnskapsdepartementet villig til å sjå på moglegheita for å auke grunnbemanninga ytterlegare?

– Pilotprosjektet viser at det er mogleg for kommunane å få til meir bemanning innanfor dagens regelverk. Staten på si side har sørgd for eit minstekrav.