Like utanfor ei av kantinene på Universitetet i Stavanger, sit studentane Anne Refsland Tønnesen og Stine Thompson og slappar av etter dagens forelesing. Dei to er gode eksempel på at om lag halvparten av veljarane ventar i det lengste med å bestemme seg for kva parti dei skal røyste på.
– Eg skal stemme altså, lovar Stine Thompson. Men kva parti som skal få stemmeseddelen er enn å usikkert.
– Eg må få setje meg litt meir inn i dette med politikk først, seier ho.
Les også:
– For min del står det mellom to parti, seier Anne Refsland Tønnesen. Ho har avgjort kva som er den viktigaste saka, som ho skal velje parti ut ifrå.
– Det partiet som har den beste barnehagepolitikken i Stavanger får mi stemme, seier ho.
Mange ventar lenge
Valforskarane undersøkjer alltid kor lenge før valet veljarane bestemmer seg. Tilbake i 2005 var det endå fleire som venta lenge enn ved siste stortingsval. Heile 12 prosent sa då at dei avgjorde partivalet på sjølve valdagen.
I 2013 var det sju prosent av dei som stemte, som hadde bestemt seg same dagen.
– Det nyttar ikkje for politikarane å slappa av før vallokala er stengde. Det seier statsvitar ved forskingssenteret Iris i Stavanger, Hilmar Rommetvedt.
– Ei stemningsbølge som snur, eller eit nytt tema som kjem langt fram i debatten er nok til at mange skiftar parti, seier han.
Flyktningar og arbeidsløyse
Denne kommunevalkampen har vore prega av at jobbar forsvinn i oljesektoren og det har spesielt slått ut i oljebeltet på Vestlandet.
Mot slutten av valkampen har flyktning-problematikken overtatt som det viktigaste temaet. Kor mange skal me ta imot i Norge? Kor mange skal kommunen min ta imot? Slike spørsmål har veljarane blitt møtt med dagleg den siste veka.
– Eg har ein følelse av at det er ei dreiing på gang og at den kan telja til Arbeidarpartiet sin fordel, seier statsvitar Hilmar Rommetvedt.
– Ap har starta litt svakt i valkampen, men det er ein del som tyder på at dei kjem sterkare etter kvart. Signala er ennå ganske svake, men det kan skje endringar frå det meiningsmålingane tidlegare viste, seier han.
Les også:
Nokre har det enkelt
Mange ventar altså lenge før dei avgjer kor stemma skal gå. Men på utsida av Oljedirektoratet sit det eit par kvinner som ikkje slit så mykje med den slags.
– Eg bur i Sandnes eg. Det er litt enklare der, seier ei som krev å vera anonym.
– Så du stemme på person du, og ikkje på sak?
– Ja eg gjere nok litt det i kommunevalet.