Sju nye reisemål får «grøn merkelapp»

Lysefjorden er blant sju turistmål som får merke for berekraftig reisemål. Merket betyr likevel ikkje at destinasjonane er «grønmåla» over natta.

Woman hiker on Pulpit Rock / Preikestolen, Norway

Lysefjorden, med turistmagneten Preikestolen, får merke for berekraftig reisemål.

Foto: Pavlo Kolotenko

– Dette betyr først og fremst at me har bestemt kva retningslinjer me skal ha når me skal utvikla destinasjon Lysefjorden. Men dette er berre første steg, seier dagleg leiar i Lysefjorden utvikling, Helge Kjellevold.

Torsdag får fem norske turistdestinasjonar merke for berekraftig reisemål (sjå fakta): Femund Engerdal, Lindesnesregionen, Lillehammer, Lyngenfjorden og Lysefjorden.

I tillegg får Sälen og Idre i Sverige grøn merkelapp. Desse er del av samarbeidet Scandinavian Mountains som består av Trysil og Sälenfjällen.

Tre berebjelkar

Dei sju reisemåla føyer seg inn i rekka av totalt 15 destinasjonar som jobbar for ei meir berekraftig utvikling i reiselivet.

– Det viktige for oss blir å bruka dei tre berebjelkane i ordninga. Det vil seia å ta vare på natur, miljø og kultur, å ta vare på lokalsamfunnet og den lokale næringsutviklinga og å skapa økonomisk lønnsemd i næringa, seier Kjellevold.

– Men får dette konkrete konsekvensar i nær framtid?

– Det er sporet me har jobba på heile vegen. Me jobbar med utvikling av produktet Lysefjorden og eg registrerer at lokalbefolkninga støttar opp om det me gjer. Men får me ein vekst, må me ta dei rette grepa.

Helge Kjellevold

Dagleg leiar i Lysefjorden utvikling, Helge Kjellevold.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Ikkje berekraftig over natta

Som ein del av arbeidet har reisemåla planlagt tiltak, analysert status – og dokumentert forbetring på i alt 104 indikatorar innan områda miljø, samfunn og økonomi.

– Lysefjorden og dei seks andre reisemåla som får merke må visa forbetring framover. Det er ikkje slik at ein blir berekraftig når ein får merke. Dette er ein lang prosess, seier spesialrådgivar i Innovasjon Norge og ansvarleg for merkeordninga, Ingunn Sørnes.

– Kan dette fort bli ei grønmåling av ei næring som står bak store klimautslepp og miljømessige konsekvensar?

– Desse reisemåla må jobba systematisk framover for å behalda merke, så eg vil ikkje seia det er ei enkel grønmåling av reiselivet. Ein jobbar for forbetring i eit langt perspektiv og dette blir målt.

Ingunn Sørnes, Innovasjon Norge

Ansvarleg for merkeordninga berekraftig reisemål, Ingunn Sørnes.

Foto: Astrid Waller / Innovasjon Norge

Får merke av næringsministeren

Det er næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) som deler ut merke til dei sju nye reisemåla torsdag.

– Reiselivsnæringa i Lysefjorden er nå blant dei 15 første som har fått eit fysisk bevis på at dei tar berekraftig utvikling på alvor. Gjennom samarbeid med andre delar av næringslivet og kommunane, kan reiselivsnæringa skape mange nye arbeidsplassar, samtidig som næringa blir utviklinga innanfor berekraftige rammer, seier næringsministeren.