Sju kyr mista livet i ulukke
Sundag morgon fekk brannvesenet melding om nokre kyr som hadde fått ein straumleidning over seg i Sirevåg i Hå kommune.
Sju kyr hadde fått ein straumleidning over seg, og alle døydde, skriv Aftenbladet.
Brannvesenet mistenkjer at det kan skuldast eit lynnedslag.