Hopp til innhold

Vann storgevinst, no vil han redde liv

Johan Kjell Tandrevold vann storgevinsten i Joker, no brukar han delar av pengane på det som kan redde livet til naboane.

Joker-millionær kjøpte hjartestartar til sine naboar.

Då Johan Kjell Tandrevold i Sandnes vann 1,3 millionar i Joker, byrja han straks å tenke på kven han ville dele gevinsten med. No har han kjøpt hjartestartar og sett i gong livredningskurs til alle i blokka, der han bur.

– Eg synst det er veldig bra. Eg er sjølv hjarteoperert, så eg er absolutt i pasientgruppa, for det kan jo skje igjen, seier Erik Hære.

Han er ein dei 24 bebuarane i blokka i Sandnes som har fått sponsa livredningskurs av Joker-millionæren. Tandrevold håpar at hjartestanseren kan redde liv.

– Det er ein enkel reiskap å ha for å starta hjarte, når det behovet melder seg, seier Tandrevold.

Liv i leiren

– I denne stolen her sat eg då eg fekk telefonen frå norsk tipping i Hamar, fortel Tandrevold.

Han valde rett på alle dei fem tala, og vann toppgevinsten i Joker, og det var til stor begeistring i heimen, fortel han.

– Då var det liv i leiren, ler han.

– Og så fann eg raskt ut at eg ville gje noko til dei i blokka, ein hjartestartar.

Jokermillionær

JOKER-VINNAR: Det vart liv i heimen då Johan Kjell Tandrevold stakk av med 1.3 millionar i Joker-gevinst.

Foto: Kristoffer Møllevik / NRK

Håpar den får henge i fred

I blokka øver bebuarane på å ta i bruk hjartestartaren på livredningskurset.

Han som leiar kurset, synst det er eit godt initiativ frå Joker-millionæren.

– Det er eit veldig bra tiltak, for me veit at bruk av hjartestartar kan vera avgjerande for ein person som har fått hjartestans, seier Tommy Nybak, fagsjef i Røde Kors Førstehjelp.

– Me håpar at den får henga i fred, men no har me lært litt og det kjem godt med i tilfelle, seier Marit Hatleskog.

– Johan er litt helt her i blokka?

– Ja, han er helten han. Han er det.