NRK Meny
Normal

Sjeldan tomatsjukdom påvist på Finnøy

Eit gartneri på Finnøy må destruera 100 000 tomatplanter etter at det er påvist ein alvorleg smittsam plantesjukdom. Mattilsynet trur det blir vanskeleg å finna smittekjelda.

Smitte

Mattilsynet har hengt opp åtvaringar inne på gartneriet på Finnøy der det har vore eit utbot av ein smittsam plantesjukdom.

Foto: Kaj Hjertenes / NRK

– Det er ganske fortvilande. Det er jo noko som me ikkje ynskjer, seier dagleg leiar i Lauvsnes Gartneri, Jan Terje Vignes.

Han oppdaga sjølv at tomatplantane i veksthuset hans hadde blitt smitta av ein plantesjukdom, skriv Øyposten.

No har han fått beskjed frå Mattilsynet om at han må destruera 100 000 tomatplantar.

– Det er mykje, men det er det retta å gjera for å få bukt med smitten med ein gong, seier Vignes.

Jan Terje Vignes

Dagleg leiar i Lauvsnes Gartneri, Jan Terje Vignes, ser utover tomatplantene inne i veksthuset. Alle må destruerast grunna sjukdom.

Foto: Kaj Hjertenes / NRK

Kan gje dårlege avlingar

Plantane har blitt smitta av eit viroid, også kalla Tomato chlorotic dwarf viroid (TCDVd).

Viroidet er ikkje farleg for folk, og tomatane kan etast, men det kan føra til at plantane gir dårlegare avlingar.

– Viss du først har fått det inn i eit gartneri så spreiar det seg frå plante til plante, og då kan det få store økonomiske konsekvensar, seier fagrådgjevar i Mattilsynet, Brita Toppe.

Det har ikkje vore store utbrot av den sjukdomen i Norge tidlegare. Mattilsynet trur destrueringa av plantane vil forhindra at sjukdomen spreiar seg vidare til andre tomatgartneri i nærleiken.

– Med dei tiltaka som no er sett i verk i gartneriet, så ser me ikkje at det er nokon risiko for det, seier Toppe.

Trur smitten stammar frå frø

Også i 2012 blei den same smittsame tomatsjukdomen påvist i det same gartneriet. Vignes har ein mistanke om at det er frø frå Nederland som er smittekjelda denne gongen.

– Me har ikkje funne nokre sikre kjelder enno. Men det er det som me ser mest på, og som er mest sannsynleg no, seier Vignes.

I Mattilsynet trur dei det blir vanskeleg å finne ut kvar smitten stammer ifrå.

– Det er mogleg at smitten kan stamme frå før. Men det vil vera veldig vanskeleg å finna smittekjelda, seier Toppe i Mattilsynet.

Milliontap for gartneriet

Lauvsnes Gartneri er ein av dei største tomatprodusentane i Rogaland med 30 mål drivhus og 40 tilsette. Sjølv med støtteordningar vil dei tape millionar på sjukdomsutbrotet.

– Når me får pålegg om sanering frå Mattilsynet, så er det ordningar som hjelper oss på det punktet. Men det er ikkje noko 100 prosentsordning, seier Vignes.

Han er likevel klar på at han skal halde fram med tomatproduksjonen.

– No er førsteprioritet å få reinska ut og få alt reint. Nye plantar er bestilt og me skal vera i gong igjen i byrjinga av mai, når dei fleste andre norske tomatane er på marknadene. Så me skal prøva å gjera opphaldet så kort som mogleg.

Lauvsnes Gartneri

Lauvsnes Gartneri er ein av dei største tomatprodusentane i landet, dei vil tapa stort på sjukdomsutbrotet.

Foto: Kaj Hjertenes / NRK