Hopp til innhold

Sjeldan mosedott hindrar bankpalass

Ein sjeldan moseart på trea i Bjergsted har stukke kjeppar i hjula til SR-Bank sine planar om nybygg i Stavanger. Men no gir forsking mosedotten håp om «evig liv».

Fylkesmannen har kalt inn til meklingsmøte om den verneverdige mosen- som stopper byggeplanene til SR-bank i Bjergsted. Banken mener de nå har funnet en løsning og at gigantbygget til en halv milliard kan bygges.

SJÅ REPORTASJEN: Banksjef Thor Chr. Haugland syner oss trea med butthårstjernemosen som står der han gjerne vil ha si nye bankstorstove.

Sparebank 1 SR-bank har lenge hatt lyst å bygga eit ny storstove i Bjergsted i Stavanger, men verneverdig mose på trea der nybygget er planlagd, butthårstjernemose, har inntil no stoppa storprosjektet.

Meklingsmøte tysdag

Men no har Fylkesmannen kalla inn til meklingsmøte, etter at banken meiner dei no har funne ei løysing som gjer at gigantbygget til ein halv milliard kroner kan byggast.

– Viss me klarer å flytta trea og transplantera bark med mose på, så er det faktisk slik at mosen blir gitt evig liv, seier Thor Chr. Haugland, konserndirektør i Sparebank 1 SR-Bank.

I sommar har nemleg forskarar funne ut at mosen lever vidare etter å ha blitt transplantert til andre tre i nærleiken. Resultata blir lagt fram på eit møte tysdag.

Tre med butthårstjernemose

HER ER DEN: ... men du ser den ikkje. Mosen er nemleg så liten at den ikkje er synleg med det blotte, utrente auget.

Foto: Kaj Hjertenes / NRK

Miljøvernsjefen vil gjerne ha nybygget

May Britt Jensen

MILJØVERNSJEF: May Britt Jensen.

SR-banksjefen vil flytta den verneverdige mosen og fjerne trea. Fylkesmiljøvernsjefen vil la trea stå og tilpassa bygget til trea. Men ein ting er dei samde om: det planlagde bygget på sju etasjar i reint tre, der solide trenaglar held heile sulamitten samen, er eit langt steg i ei miljøvenleg retning.

– Det er eit kjempeflott bygg som me håpar skal koma i sentrum, seier May Britt Jensen, Miljøvernsjef i Rogaland.

Flere nyheter fra Rogaland