Kontrollutvalet i Sola skulle godkjenne rekneskapen tirsdag. 2 andre rekneskapar vart godkjende, men kontrollutvalet vil ha full gjennomgang av rekneskapen for Sola kulturhus.
Kontollutvalet ber om ein ekstern revisjon av reknskapen. Utvalet ber Rogaland revisjon gjennomføre ein kontroll.
Store underskot
- Det er naturleg å sjå nærare på ein rekneskap med eit så stort underskot, seier leiar i kontrollutvalet, Roar Johannessen.
Det kommunale foretaket Sola kulturhus gjekk med omlag ein halv million kroner i underskot i fjor. Hovudårsaka var konkursen i musikalen Jesus Christ Superstar.
Ikkje kriminelt
Bubehandlinga etter konkursen har ikkje avdekt noko kriminelt i samband med konkursen. Kontrollutvalet vil likevel ha undersøkt kva avtalar styret i kulturhuset gjorde. Revisjonen skal også ha ein gjennomgang av inn- og utbetalingar og gi ei oversikt over kva budsjettendringar som burde ha vore gjordt.
Jesus Christ Superstar hadde stor suksess. Det var også planlagt ein norgesturnè, men inntektene stod ikkje i forhold til utgiftene.