Espaas vart funnen drepen i Geiranger i 1996, men politiet står ennå utan gjerningsmann.
Lensmann i Stranda og Norddal, Jens-Arne Hessegjerde, seier han vil ta kontakt med politiet i Førde i løpet av kort tid.
Politiet i Førde tok 1 234 DNA-prøvar i samband med etterforskinga. 41-åringen, som no er sikta for drapet på Anne Slåtten, avla DNA-prøve nummer 1 064, og kom altså ganske seint inn i etterforskinga.
I går vart han varetektsfengsla i fire veker
med brev og besøksforbod og delvis isolasjon. Dermed fekk påtalemakta gjennomslag for sitt krav.
Sunnfjordingen sa seg ikkje straffskuldig. Han vedgjekk at det biologiske funnet knyter han til drapsstaden, men seier det ikkje beviser at han drap Anne Slåtten. Han påkjærte varetektsfengslinga til lagmannsretten.
I natt vart han overflytta til fengselet i Ålesund der han skal sitja varetektsfengsla. Den sikta sat i avhøyr utover kvelden i går, men politiet vil ikkje seia noko om kva som har kome fram i avhøyra.
I dag blir vener og nær omgangskrins avhøyrde av politiet i Førde. Og avhøyra av den sikta kjem til å halda fram i helga.