NRK Meny
Normal

Snøen stengjer hytta, men skiføret blir strålande

Det er så mykje snø i fjellet at Stavanger Turistforeining må stengja ei av hyttene sine.
– Det blir ein alle tiders vinterferie med gode forhold og mykje snø, seier oppsynsmann Inge Marton Østenbø.

Denne uken sjekker turistforeningen tilstanden til turisthyttene i området sammen med lokalkjente. Frykten er at hyttene skal være så nedsnødde at de må holde stengt i vinterferien. Vi ble med på befaringen.

SJÅ REPORTASJEN: Det kan vel nesten kallast vinterpropaganda, slik det såg ut på fjellet tysdag.

Vinteren har så langt vore uvanleg snørik i fjella på Vestlandet. Denne veka sjekkar turistforeininga tilstanden til turisthyttene i Sirdal, Setesdal og Ryfylkeheiene saman med lokalkjende, for å sikra at dei er klare for innrykket av skigåarar i vinterferien.

Inge Marton Østenbø

FJELLMANN: Inge Marton Østenbø har hatt oppsyn med hyttene i over 20 år.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Men ved Sandvatn er halve hytta dekka av snø.

– Det er ei inngangsdør på andre sida, men den er heilt nedsnødd. Du ser den ikkje, seier Østenbø, som kvar vinter i 20 år har hatt oppsyn med turisthyttene i området.

I Stranddalen er det så mykje snø at Turistforeininga ikkje klarar å opna hytta til vinterferien.

– Det er ei hytta der det normalt plar å vera mykje snø, men når det nærmar seg påske kan eg garantera at me skal grava den fram, seier Per Henriksen, driftsleiar i Stavanger turistforeining.

Per Henriksen

FLYTUR OVER HYTTENE: Per Henriksen i Stavanger Turistforeining tok turen i småfly for å sjå korleis det står til med hyttene.

Foto: Silje Bråstad / NRK

Han tok turen i eit småfly over fjellområda på ein dag ein nesten kan kalla den perfekte vinterdag: minusgrader, lite vind, mykje snø, sol og blå himmel.

– Det ser jo veldig bra ut. Det vil vera heilt perfekt å gå her framover, seier Henriksen.

Men skal du ut på tur, bør du gjera det før helga! Då kan det nemleg bli uvêr i store delar av Noreg.

Skitur i Hunnedalen

Nydelege forhold for skigåing i Hunnedalen.

Foto: Mathias Oppedal / NRK