Hopp til innhold

Slik kan framtidas Stavanger sjå ut

Arkitektselskapet Snøhetta og Øgreid Eiendom vil gje Stavanger-sentrum ei ansiktsløfting. Dersom planane blir vedtatt politisk, kan arbeidet ta til i 2015.

Tysdag blei framtidsplanane for Stavanger-sentrum sin største betong-jungel frå 60-talet presenterte.

Det er i bakgarden av Ankerkvartalet midt i Stavanger sentrum og Straensenteret at Øgreid Eiendom planlegg nybygg og oppreinsking på delar av bygga som står der i dag.

– Me vil ha inn meir handel og optimale kontor noko som er eit sterkt ønske både frå byen og frå oss, seier Reid Kjetil Borgersen direktør i Øgreid Eiendom.

Dei har hyra inn arkitektfirmaet Snøhetta, som mellom anna har teikna Operaen i Oslo og biblioteket i Alexandrina.

Når dei blir bedt om å setja sitt preg på Stavanger er det ikkje småplanar dei kjem med. På det nye Straensenteret vil dei ha ein stor park på taket.

– Det blir eit heilt nytt landskap oppe på taket, med ein landskaps-paviljong på enden, seier Jenny B. Osuldsen som er landskapsarkitekt i Snøhetta.

  • Kva meiner du om dei nye planane for Stavanger sentrum? Sei meininga di nedanfor.