Orgelet har 4.654 piper.
Foto: Erik Waage / NRKOrgelpipene dekkjer store delar av den eine veggen i Fartein Valen-salen i det nye konserthuset i Stavanger.
Foto: Erik Waage / NRKNorges sitt største orgel er i Stavanger sitt nye konserthus, men blir ikkje opna offisielt før i februar med eigen festival.
I dag var orgelbyggaren på besøk for å leggja siste hand på verket, og NRK fekk ein førpremiere med organist Nils Henrik Asheim.
4654 piper
– Eg trur me må sei oss nøgde med dette orgelet. Sjølv om det kanskje ikkje alltid innfrir HMS-krav når ein skal klatra på innsida, kan ein ikkje seia anna enn at det er fantastisk på utsida, seier Asheim.
Orgelet han spelar på er det største orgelet som nokosinne har blitt laga i Norge med heile 4654 piper.
Dei er det orgelbyggar Jan Ryde som har finstemt. Han fortel at orgelet har blitt bygd i rekordfart.
– På grunn av tidspress har me montert dette orgelet, samstundes som huset blei bygd, seier Ryde.
- Sjå video:
Men det har ikkje gått ut over kvalitet, og orgelbyggaren lover store opplevingar under opningsfestivalen i februar.
Bach
– Det er uvanleg å ha eit rom som klinger så fint som Fartein Valen-salen, seier han om rommet orgelet står i.
I videoen i ingressen kan du sjå organisten spela «Toccata og Fugue» av Johann Sebastian Bach, etter oppfordring frå NRK.
– Den tenker eg sat, seier Asheim nøgd når han er ferdig. Han gler seg til opninga i februar.