Hopp til innhold

Sjekk oktober-tempen me har i vente!

Eit uvanleg stort og kraftig høgtrykk gir temperaturar opp mot 20 grader i Rogaland.

Haustsol

Odin og Torfinn Rosfjord koste seg i finvêret på Ullandhaug måndag.

Foto: Erik Waage

Høgtrykket som plantar seg over landet vårt i desse dagar gir strålande sol over heile landet.

Varmast i landet søndag var Hjelmeland med 16,6 grader. Dei høgaste temperaturane måndag blei målt i Vats, på Stord og i Bergen (alle 17 grader).

Men det kan bli endå høgare oktober-temperaturar i Rogaland, ifølge statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid.

– Det er venta veldig fint vêr, lite skyer, mykje sol og rolege vindforhold. Eg ser temperaturar opp mot 20 grader ut i veka. Det er berre velstand i sikte, seier statsmeteorologen.

Kaldt om natta

Geir Ottar Fagerlid

Statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid lovar mykje bra ver dei kommande dagane.

Foto: Meteorologisk Institutt

Ikkje før fredag er det større potensiale for meir skyer. Forklaringa på dei høge oktober-temperturane er eit uvanleg kraftig høgtrykk over Skandinavia.

– Det er sjeldan med så kraftige høgtrykk på denne årstida. Det er også veldig stabilt og fører med seg veldig varm luft frå kontinentet, forklarer statsmeteorologen.

Men sjølv om det blir gode dagtemperaturar, blir det kaldt om natta. I indre strøk kan det bli lokal nattefrost.

Mot høgtrykksrekord

Høytrykk 4. oktober 2016

Eit høgtrykk ligg godt planta over landet.

Foto: Yr

I september blei det varmerekord i Stavanger med 27,3 grader. Varmerekorden for oktober i Rogaland er 23,1 grader (Våland, 01.10.2011).

Men sjølv om det spørst om det blir ny oktoberrekord når det gjeld temperaturane, kan det fort blir ny rekord i høgt lufttrykk for månaden som normalt sett er ein lågtrykksmånad.

Høgtrykk blir målt i hektopascal (hPa), og onsdag er det venta opp mot 1045 hektopascal. Det er 1-2 hPa over den gamle rekorden.

– Eg trur me får tilbakebetaling for det dårlege vêret i sommar, konkluderer statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid.

Laster Twitter-innhold