Hopp til innhold

Bjørn Gunnar kan ha tapt ein halv million på fastrente – men no har det snudd

Bjørn Gunnar Kulander Knudsen har tapt pengar i 12 år. Men for første gong på 15 år er fastrenta lågare enn den flytande renta. Ekspertane er likevel ueinige om folk bør binde.

Familie med fastrentelån, Bjørn Gunnar Kulander Knudsen og Marie Kulander Knudsen sammen med datteren Vilde.

Familien Kulander Knudsen har hatt fastrentelån sidan 2011. Det har dei tapt store pengar på, men dei har hatt ein føreseieleg økonomi.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Eg veit ikkje om eg tør å tenkje på kor mykje eg har tapt, men ser ikkje bort frå at det er ein halv million, seier Bjørn Gunnar Kulander Knudsen.

Rundt 95 prosent av alle nordmenn med bustadlån har flytande rente. Dei fem resterande prosentane har valt å binde lånet sitt med fastrente.

Bjørn Gunnar Kulander Knudsen på Gosen i Stavanger valde å binde renta i 2011. Den siste avtalen signerte han hausten 2020. Den går over 10 år, med ei rente på 2,8 prosent.

Sidan den gong har han gifta seg med Marie, og no er dei ein familie på seks.

– For meg betyr det veldig mykje å vite kva renteutgiftene er. Rett og slett for å ha tryggleiken for familien, seier Marie Kulander Knudsen.

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Lågare for første gong på 15 år

For første gong sidan 2008 er fastrenta lågare enn den flytande renta. Hos Sparebank 1 SR-Bank får du no ei fastrente på 4,20 prosent om du bind renta i 10 år.

Eit lån på 3 millionar kroner har no ei flytande rente på 4,99 prosent.

Noreg er i ein heilt annan situasjon enn dei skandinaviske nabolanda. I til dømes Danmark har opp mot 40 prosent av dei med bustadlån fastrente.

Kyrre M. Knudsen

Sjeføkonom i Sparebank 1 SR-Bank, Kyrre M. Knudsen.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Sjeføkonom i Sparebank 1 SR-Bank, Kyrre M. Knudsen, meiner fleire nordmenn bør vurdere å binde renta.

– Det er nok først og fremst for folk som merkar at dei har mykje lån og vil ha meir føreseielegheit, seier økonomen til NRK.

Rentekalkulator

Se hvor mye du må betale hvis renta øker.

Rente
Månedlige utgifter
18 783 kr
Økte renteutgifter
378 kr

Det vil si en total utgift på 18 783 kroner i måneden, som betyr 378 kroner mer i ekstra renteutgifter enn det du betaler i dag. Renteutgifter er det du må betale ekstra når renta øker fra dagens rente på 5,49%

Han er overraska over at det ikkje er fleire som bind renta på bustadlånet.

– Det er ikkje alle som skal ha fast rente. Men har du mykje lån i forhold til inntekt, bør du vurdere det. Då søv du betre om natta om renta stig, seier han.

Trur det vil snu

Ein som derimot meiner det ikkje lønner seg å binde renta, er rådgjevar Terje Hamre i Norsk Familieøkonomi. Han er tydeleg på at trenden vil snu.

– Forventingane er at den flytande renta skal ned hos dei fleste bankar, seier han.

Terje Hamre

Terje Hamre i Norsk Familieøkonomi meiner folk bør unngå å binde renta, på trass at den i skrivande stund er lågare enn den faste.

Foto: Elise Pedersen / NRK

Hamre vil ikkje råde nokon til å binde renta på dette tidspunktet.

Binder du no, risikerer du at om 6, 12, 18 månader så sit du med fast rente som er høgare enn den flytande i x antal år. Vi er veldig klare på at dette er feil tid å binde renta på, seier Hamre.

Finansrådgjevar i Den gule banken, Kenneth Våge, seier at det ikkje finst noko fasitsvar på om ein bør binde eller ikkje no.

– Om bekymring for renta går ut over nattesøvnen, og du heller ynskjer betre føreseielegheit, kan fastrente vere eit bra val, seier han.

Men han peikar på at fastrenta no er lågare enn den flytande som positivt for dei med lån.

– Fastrenta visar kva marknaden trur vil skje med renta framover. At den no ligg lågare, er ei forventing om at renta snart er på topp og kanskje bevegar seg nedover framover, seier han.

Søv godt om natta

Også i fleire andre bankar er fastrenta no lågare enn den flytande renta.

Kulander Knudsen hadde fram til 2011 hatt flytande rente, men på den tida var fastrenta historisk låg.

Marie Knudsen Kulander sammen med datteren Vilde

Vilde Marie (1) har foreldre som har bunde renta. Det er det berre 5 prosent av låntakarane i Noreg som har gjort.

Foto: Johan Mihle Laugaland / NRK

Samtidig var gjennomsnittsrenta over tid på 6,4 prosent.

– Vi har tapt ganske mykje på å ha fastrente. Det var eit dårleg veddemål, sjølv om det no går bra. Men det er fint å sove godt om natta og vite kva lånet på huset kostar, seier han.

Han ser på det som ein forsikringspremie.

– Same kva som skjer med økonomien, har vi ei føreseielegheit. Det gjer at vi veit om vi har råd til å bestille den turen til Syden om seks månader, seier han.

Les også Svært få klager på renta i banken: – Kan potensielt være titusenvis av kroner spart

Ingvild Sibbern. Student. Nord universitet. Dyrepleie. Studentbolig. hybel. leiemarked. Scandic hotell Bodø.

Akkurat no kan Bjørn Gunnar og Marie juble. Dei innrømmer at dei følger litt ekstra med på rentemøte i Noregs Bank.

– Bjørn Gunnar sender meg lenkjer på Messenger og nokre tomlar opp, seier Marie og smiler.

Torsdag neste veke er det nytt rentemøte i Noregs Bank. Her er det varsla ein ny renteauke.

Dagens styringsrente er på 3,0 prosent.