Hopp til innhold

Sjakkfeber i Stavanger i helga

STAVANGER (NRK.NO): Aldri før har så mange barn og unge deltatt i sjakk-NM. Dei gode resultata til Magnus Carlsen dei siste åra er ei stor del av forklaringa, ifølge arrangøren.

Stor interesse for sjakk-NM i Stavanger.

VIDEO: 414 barn og unge deltar i helga i NM i sjakk i Stavanger. Her får du ein stemningsrapport får arrangementet.

– Det er ei stor oppleving å delta her, det er veldig morosamt. Og så er det kult at så mange har kome hit, seier Eivind Olav Risting.

Han er ein av 414 barn og unge i alderen seks til 25 år som i helga er samla til NM i sjakk for barn og ungdom på Forus i Stavanger.

«Magnus Carlsen-effekten»

Det er ei stor oppleving å delta her, det er veldig morosamt.

Eivind Olav Risting

Aldri før har så mange deltatt i sjakk-NM for barn og unge. Den førre rekorden skriv seg frå 2003. Då samla det årlege arrangementet 325 deltakarar i Sandnes.

– Arrangementet har 40 års historie, så me er veldig stolte. Dette er nesten hundre fleire deltakarar enn førre rekord, seier Petter Fossan i arrangementskomiteen for NM.

– Er det Magnus Carlsen-effekten eller andre ting som gjer at interessa er så stor?

– Ein av grunnane er nok Magnus Carlsen. Det andre er at arrangementet er i Rogaland. Rogaland er området i landet med størst sjakkinteresse ved sidan av Oslo. Me har mange medlemmer og stor interesse for sjakk, seier Fossan, som også er leiar i Stavanger Sjakklubb Ungdom.

(Artikkelen held fram under biletgalleriet).

Store ambisjonar

Og det står ikkje på ambisjonane til dei unge sjakkspirene.

– Målet mitt er å komma over 2000 i rating og bli det som blir kalla meisterspelar, seier Benjamin Fossan (14) frå Stavanger Sjakklubb.

– Bli du inspirert av dei gode prestasjonane til Magnus Carlsen i VM?

– Det er klart han inspirerer når han gjer det så bra. Eg spelar i klubben min kvar onsdag, i tillegg til heime på PC. Under NM er det kjekt å spela mot folk på min eigen alder.

Ambisjonane er å bli stormeister. Eg må trena ein del for å klara det.

Leo Andreas Giske Vatnestrøm

Også klubbkamerat Leo Andreas Giske Vatnestrøm (14) vil bli ein god sjakkspelar.

– Ambisjonane er å bli stormeister. Eg må trena ein del for å klara det, seier Leo, som verkeleg fekk interessa for sjakk for to år sidan.

– Mine planar er først og fremst og gjera eit godt resultat her og så få ein sjakktittel snart, seier Eivind Olav Risting.

Stolte foreldre

Men det er ikkje berre barna og ungdommane som gler seg over den aukande sjakkinteressa. Også foreldra på NM i Stavanger set pris på sjakkfeberen i landet vårt.

– Det er veldig gøy med aukande sjakkinteresse. Det er gøy at sjakken har fått litt status og medvind. Eg har òg tru på at sjakk er ei sunn interesse å driva på med, seier Jens Kristoffersen, far til ein av deltakarane.

– Dette er eit veldig flott arrangement. Min yngste son som deltar er fem år. Han tok sine første NM-poeng i dag, så nå blir det feiring med brus, legg Øystein Johansen Sandø til.