Sjå triksa til verdas beste sparke-syklist

Kanskje var dei tre imponerande triksa nok til å få ungdommen på Tjelta hekta på sparkesykkel. Det er i alle fall håpet til den australske sparkesykkel-butikkjeda som har spytta pengar inn i den nye hallen som skal byggast her.

Danté Hutchinson imponerte elevane på Dysjaland skule.

Danté Hutchinson fekk mykje merksemd då han i dag vitja Dysjaland skule like ved den nye hallen som skal byggast. Sjå triksa han gjorde her. (Video: Kaj Hjertenes)

– Eg er 17 år og tenar faktisk pengar på dette. Det er ein draum eg har hatt heile livet, så eg er veldig nøgd.

Danté Hutchinson frå England er verdsmeister i sparkesykkel, eller «Scooter» som det heiter internasjonalt.

Dei unge kan bli gode

Han var i dag på Dysjaland skule og imponerte elevane med spektakulære triks. Håpet er at sparkesykkel skal bli stort her.

– Den nye hallen blir eit blikkfang og vil gi den unge generasjonen her ein moglegheit til å verkeleg bli gode. Sjølv kjem eg gjerne tilbake for å konkurrera her, seier Hutchinson.

Den australske butikkjeda «Scooter Hut» har nemleg kjøpt namnet på den nye hallen som skal byggast her. Ein hall der ein også skal kunne drive med skating, rullestol, klatring og BMX.

I tillegg til at den internasjonale butikken går inn med pengar i hallen som har ein prislapp på 10,7 millionar kroner, så skal den vesle bygda legga ned 2500 dugnadstimar.

– Det er lett for kommunen å seia ja til å støtta opp om denne type prosjekt når heile bygda er med å tek i eit tak, seier ordførar i Sola, Ole Ueland under dagens markering.

Sjå TV-innslaget her:

Ungdommane gler seg til ny hall på Tjelta.

Ungdommane på Tjelta ser fram til den nye hallen, og trur den vil bli mykje brukt. (Video: Kaj Hjertenes)