NRK Meny
Normal

Sjå Rung leika seg i lufta

Det er ikkje denne type salto-vendingar Sarah Louise Rung driv mest med. Kanskje derfor ho måtte fiska opp spyposen.

Sarah Louise Rung flydde akrobatfly på Sola.

Handikappsymjaren Sarah Louise Rung takka ikkje nei då ho blei inviterte med opp i eit akrobatfly for å promotera Stavanger Lufthamn sin 80-årsfest, Sola Airshow. Då ho kom seg opp i lufta gjekk det likevel ikkje lang tid før ho fekk bruk for spyposen. Sjå videoen her.

Svømmaren Sarah Louise Rung varma i dag opp til Sola Airshow i juni – med flyakrobatikk over Sola. Flyplassen på Sola feirar 80 år i år, og flyshowet er ein sentral del av denne markeringa. Det er i år venta 30–40 tusen besøkande til Sola Airshow.