Hopp til innhold

Sjå kunsten til den femte beatle

Han valde å satsa på kunst framføre å spela bass i bandet som seinare blei kjende som «The Beatles». I desse dagane er kunsten Stuart Sutcliffe fekk laga før han døydde som 21-åring å sjå under Schisofrenidagane i Stavanger.

The Beatles er gjennomgangstema under Schizofrenidagane i Stavanger, som blir arrangert onsdag til fredag, under parolen «All you need is love».

Det er i den samanhengen at 11 bilete av Stuart Sutcliffe blir stilla ut på Stavanger Kunstmuseum.

The Beatles Hamburg, 1961. Pete Best, George Harrison, John Lennon, Paul McCartney, Stuart Sutcliffe

The Beatles i Hamburg, 1961. Stuart Sutcliffe sitt heilt til høgre. Frå venstre: Pete Best, George Harrison, John Lennon, Paul McCartney og Stuart Sutcliffe.

Foto: BILLEDSENTRALEN / SCANPIX

Meir kunstnar enn musikar

Stuart Sutcliffe var ven av John Lennon, og John ville i 1959 ha han med i bandet sitt «Johnny And The Moondogs», ei tidleg utgåve av «The Beatles».

Sidan Sutcliffe allereie måla, og selde måleria sine for 65 pund, hadde han råd til å kjøpa seg ein bassgitar og bli med i bandet.

Kort tid etter han blei med i bandet hadde han ein krangel med Paul McCartney. Han slutta i Beatles, og byrja på ein kunstskule som kjærasten hans hadde ordna han plass på.

Målar mest i svart

– Han er fantastisk flink til å bruka fargar sjølv om hovudtonen stort sett er svart i maleria hans, seier direktør i Stavanger kunstmuseum, Peter Meyer.

Sutcliffe døde av hjernebløding i ein alder av berre 21 år, Meyer meiner at Sutcliffe kanskje kunne ha blitt ein stor kunstnar om han hadde fått leva lenger:

– Det er det som er fantastisk når me står her med eit fragment av ein heilskap, me kan drøyma om kva som ville skjedd vidare, seier han.

Beatles og schizofreni

Også den originale trommeslagaren i The Beatles Pete Best skal halda konsert med bandet sitt under Schizofrenidagane i Stavanger.

Meyer understrekar at desse kunstnarane sjølv ikkje var schizofrene, det er slagordet «All you need is love» som er Beatles-relasjonen.

Det blir Beatles-musikk til føredrag om depresjon, maniske lidingar, fornuft og kjensler.