Hopp til innhold

– Det beste Nordsjørittet eg har vore med på

Tradisjonen tru stilte fleire tusen syklistar til start i det ni mil lange Nordsjørittet langs jærkysten.

Nordsjørittet
Foto: Gunnar Johansen / NRK

– Det har vore ein flott dag, og me har berre fått positive tilbakemeldingar, sier leiar av Nordsjørittet, Siri Ommedal.

Rundt 6800 deltakere stilte til start i årets sykkelrittet frå Egersund til Sandnes. Det er langt færre enn tidlegare år. Forklaringa er at mange bedrifter ikkje stilte med lag i år på grunn av nedgangstidene.

– Me liker sjølvsagt ikkje nedgang, men sånn situasjonen er no er eg godt fornøgd, seier Ommedal.

Kjendisane sykla for ei god sak

Som vanleg var det fleire kjende fjes som stilte til start. Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen var ein av dei.

Syklet ni mil fra Egersund til Sandnes

SJÅ VIDEO: Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen brukte drygt fire timar på dei ni mila frå Egersund til Sandnes. NRK snakka med han etter at han kom i mål.

To andre som ufrivilleg deltok i årets ritt var P3-profilane Silje Nordnes og Tuva Fellmann. Dei hadde tapt ein konkurranse i samband med TV-aksjonen, som gjorde at dei måtte setja seg på sykkelsetet.

Syklet 45 kilometer

SJÅ VIDEO: P3s Silje Nordnes tok den korte løypa på 45 kilometer. Tida hennar blei 2.20.14.

Magikar Kevin Lunde, kjend frå NRK-programmet Rundlurt, klarte óg å fullføra det 91 kilometer lange rittet.

Sykla 91 kilometer frå Egersund til Sandnes

SJÅ VIDEO: Kevin Lunde var fornøgd med eigen innsats. Han kom inn på tida 4.02.02.

Sykla hand i hand over målstreken

Den aller raskaste i årets Nordsjøritt blei landeveissyklist Håvard Blikra, med tida 2.39.05.

Rett bak enda Statoil-tilsett Inge Holla.

– Dette har vore det beste Nordsjørittet eg har vore med på. Ikkje berre på grunn av resultatet, men også det dei gode vérforholda, seier Inge Holla.

Holla kryssa ikkje målstreken aleine. Hand i hand med kollega Roger Amdal passerte dei to målstreken i Sandnes på 2.39.18.

– Me har trent ilag i fleire år, og me planla å gjera det på denne måten, seier Amdal.

Roger Amdal og Inge Holla kom først over mållinja i årets Nordsjøritt.

Roger Amdal og Inge Holla kom først over mållinja i årets Nordsjøritt.

Sykla for første gong

Ein langt mindre erfaren deltakar var tidlegare sandvolleyball-proff Bjørn Maaseide. Han har aldri tidlegare sykla Nordsjørittet.

– Det var arrangøren som pressa meg til å delta, sier han.

Korleis var løpet?

– Det var tungt mange gonger. Pumpa gjekk heile tida. Men eg er iallfall i betre sykkelform no, seier Maaseide.

Sluttida hans blei 3.11.07.

Bjørn Maaseide sykla Nordsjørittet for første gong i 2016.

Sjå intervjuet med Bjørn Maaseide.