Hopp til innhold

Slik kan det gå etter ni mil i motvind

– Det er heilt forferdeleg vondt, seier Thomas Watland, han ligg på bakken og vrir seg i smerte etter ni mil på sykkelsete. Nordavinden gjorde det ekstra tøft for syklistane under årets Nordsjøritt, likevel var stemninga på topp i målområdet.

Slik var Nordsjørittet 2013.

SJÅ VIDEO: Det var god stemning i målområdet i Sandnes, trass mykje smerte. (Video: Kristoffer Møllevik)

Meir enn 10.000 syklistar har laurdag sykla frå Egersund til Sandnes sentrum i motvind.

Ein av dei som ikkje var godt nok førebudde på denne harde prøven var Thomas Watland som sykla for Halliburton. Då han kom inn i målområdet i Sandnes på tida 3.42.08 knakk han fullstendig saman.

– Det gjer heilt forferdeleg vondt! Det er ein krullande smerte, seier han mellom smerteskrika.

Det er mindre enn ein månad sidan han melde seg på.

– Meg og ein kompis kom på at me skulle gjera dette, me har jo sykla litt før, men tydelegvis ikkje nok, slår han fast. Nå skal han sykla til Hundvåg, og ta resten av veka på sofaen.

Sjå bilete frå Nordsjørittet 2013

Les òg:

Nordavind

Det er ikkje berre Watland som sleit under dagens ritt. Det har nemleg blåse motvind heile dagen.

– Eg har krampe nå, det er ikkje spesielt godt. Det var hardare i år enn i fjor på grunn av motvinden, seier Tollak Nedland, som sykla for Tine.

– Eg trur nok dei har hatt ein svært tung tur, seier Astrid Danielsen, som står i publikum og ventar på mannen sin og den eldste sonen.

– Dei er meir enn gode som har krefter til det, seier ho.

«I form til bryllaupsnatta»

Andre tok det ikkje like hardt.

Eivor Tjåland Sandvik kom over mållinja med sparkesykkel, og ei t-skjorte som fortalde at ho var med på rittet for å koma i form til bryllaupsnatta.

– Det er veninnene mine som meiner at eg ikkje er i god nok form, seier ho og ler, i bakgrunnen ler resten av utdrikkingslaget endå meir.

– Har du sparka deg heilt frå Egersund?

– Ja ... eller ... nei, eg har kanskje ikkje det. Eg kom nok ut i løypa litt lenger oppe, tilstår ho før den siste festen som ugift held fram.