NRK Meny
Normal

Siste tur for hurtigbåten

Nyttårsafta går hurtigbåten mellom Stavanger og Haugesund sine siste turar. Båten klarer ikkje lengre konkurransen med busstrafikken langs kysten, og politikarane vil ikkje subsidiera ruta meir.

Slutt for hurtigbåtruta mellom Stavanger og Haugesund

1. januar 2015 er det slutt for hurtigbåtruta mellom Stavanger og Haugesund.

Foto: Magnus Berning / NRK

Reporter Magnus Berning reiste med hurtigbåten Tidebris, tysdag ettermiddag. Han følgde båten frå Haugesund til Kopervik. Der møtte han Hild Margrete Gjøse, som hadde gode minner frå 70-talet då ho nytta ruta både titt og ofte.

– Då eg gjekk på Tryggheim på Nærbø på 70-talet og då eg jobba i Stavanger etterpå og budde på hybel. Då var det å reise med Haugesundsruta den enklaste og lettaste vegen heim. Viss ikkje så måtte eg dra med ferja til Skudenes, men då var eg avhengig av bil for å koma til Haugesund, minnes ho.

Tapte i konkurransen

Oppslag om at hurtigbåtruta mellom Stavanger og Haugsund blir lagt ned

Oppslag om at hurtigbåtruta mellom Stavanger og Haugsund blir lagt ned

Foto: Magnus Berning / NRK

Dei seinare åra har det blitt stadig færre passasjerar på hurtigbåten. For eitt år sidan blei ruta mellom Bergen og Haugesund lagt ned. Nå eitt år seinare er det slutt for strekninga mellom Haugesund og Bergen også. Hild Margrete Gjøse forstår ikkje heilt kva som skjer.

– Nei, eg gjer ikkje det. Det er ikkje så lett å forstå dei politikarane.
– Det har vel med at dei ikkje vil subsidiera båten lengre?
– Jo, eg forstår det vel, likevel. Nå er det så mange bussar som går så ofte mellom Haugesund og Stavanger og til så låge billettprisar at det er vanskeleg å konkurrera for hurtigbåtruta.

Mannskapet blir omplasserte

Ove Egil Gjøse, ektemannen til Hild Margrete, er kaptein på dei siste turane. Det er reint tilfeldig, for vanlegvis går ikkje båten hans i denne ruta. Men han merkar at det blir færre hurtigbåtruter på kysten etter kvart.

– Me blir ikkje oppsagte, men folk blir omplasserte til andre ruter. Det blir ein del uro og endringar i selskapet når noko slikt som dette skjer, seier Ove Egil Gjøse.