Hopp til innhold

Siste sjanse for den urnorske østersen

I ei våg på Karmøy har forskarane funne gull. Nå kan produksjonen av norsk flatøsters reddast.

Flatøsters

UNIK: Denne flatøstersen kjem frå Haugevågen på Karmøy. Bestanden der ute er unik, og kan danne grunnlag for storproduksjon av norsk flatøsters.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK

– I europeisk samanheng er dette veldig spesielt fordi det er mykje problem med sjukdom på flatøsters i Europa. Mange stader har bestandane kollapsa, seier Stein Mortensen.

Han er seniorforskar på Havforskingsinstituttet, og i fjor fekk han ein telefon som kan gjere at norske tallerkar blir fylte med norsk flatøsters i framtida.

Stein Mortensen

HAVFORSKAR: Stein Mortensen på Havforskingsinstituttet synest det er spanande at dei har funne flatøsters på Karmøy.

Foto: Asle Hella / NRK

Ein lokal fiskar fortalde at inne i Haugevågen, heilt nord på Karmøy, kryr det av flatøsters.

– Vi sit med ein unik ressurs her, seier Mortensen.

Han kallar funnet på Karmøy for den siste sjansen for flatøstersen. Problemet til nå har vore at ein ikkje får tak i yngel slik at ein kan dyrke yngel. Men på Karmøy er det mykje yngel.

– I dag er det ikkje yngel tilgjengeleg. Dersom nokon klarer å auke produksjonen av yngel kan anlegg byrje å produsere flatøsters, seier han.

Fleire land vil ha norsk yngel

Akkurat det har Trond Sveen i Sunnhordland havbruk lyst til å gjere. I februar søkte han fylkesmannen om å etablere eit yngelanlegg i Haugevågen. Då kan anlegget levere yngel til andre anlegg slik at dei kan dyrke flatøsters.

Fleire har allereie meldt si interesse.

– Vi har fått spørsmål frå ti norske dyrkarar, i tillegg til anlegg i Sverige, Danmark, Portugal, Nederland og Tyskland, seier Sveen.

Får han klarsignal til å setje i gong, er planen at anlegget vil stå klart i 2021.

Trond Sveen

KLAR: Trond Sveen i Sunnhordland havbruk vil starte yngelanlegg i Haugevågen.

Foto: Anders Ekanger / NRK

Ikkje berre for kongar og keisarar

Finn Lothe på Lothes mat og vinhus håpar han kan servere norsk flatøsters til kundane sine. Sjølv synest han lite kan måle seg med smaken av østers.

Finn Lothe

VIL KJØPE: Finn Lothe driv Lothes Mat og Vinhus i Haugesund. Han vil gjerne kjøpe norsk flatøsters frå Karmøy.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK

– Det kitlar litt. Du tygg den ein gong, så svelger du. Mange vegrar seg, men det er heilt fantastisk. Og mystisk. Eg likar at det er mystisk, seier han.

Restauranteigaren meiner østers blir meir og meir populært. Og ikkje berre ein rett for «fiffen».

– Før var det berre skipsreiarar, keisarar, kongar og dronningar som åt østers. Men nå vil mange ha det. Særleg dei unge, seier Lothe.

Yngelanlegg kan hjelpe bestanden

Stein Mortensen håpar Sunnhordland havbruk får grønt lys for planane sine. Det kan redde bestanden, meiner han.

– For å samle yngel må det vere ein sterk stamskjellbestand på staden, og då kan ein lage ein forvaltningsmodell som bevarer den tette bestanden samtidig som ein haustar yngel. Frå vår ståstad er dette eit veldig fornuftig konsept. Ein fornuftig måte å bruke naturen på, seier han.